Tre nye fagområde er akkreditert
Fagskulen Vestland og Nordland fagskole får utvida fullmakter til å opprette og endre utdanningar innan fagområdet helse. I tillegg får Nordland fagskole akkreditering for fagområdet elektro.

– Eg vil gratulere både Fagskulen Vestland og Nordland fagskole med deira nye fagområdeakkrediteringar innan helse. Dette gir dei fullmakt til å opprette nye utdanningar innan desse viktige områda sjølv, utan at dei må søkje NOKUT. Med denne tilliten får dei også eit større ansvar for sjølve å sikre kvaliteten i utdanningane sine, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Fagskulen Vestland har frå før akkreditering for teknisk fagområde. No kan dei også utvikle nye helsefaglege utdanningar som omfattar både helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester.
Les rapporten frå den sakkunnige komitéen (pdf).
Får sine første fagområdeakkrediteringar
For Nordland fagskole er dette dei første fagområdeakkrediteringane. Innan helse kan dei no utvikle utdanningar for helsepersonell i både primær- og spesialisthelsetenesta. Fagområdet elektro gir dei mogelegheit til å opprette utdanningar innan mellom anna elkraft, ubemanna luftfart, batteriproduksjon og solenergi.
Les rapportane frå dei sakkunnige:
– Det ligg i naturen og samfunnsoppdraget til fagskulane å levere kompetanse som samfunnet har behov for. Med desse akkrediteringane får fagskulane større fridom til å utvikle nye utdanningar raskt og når arbeidslivet treng det, seier Vinje.
Alle dei tre fagområdeakkrediteringane er gitt med heimel i lov om høyere yrkesfaglig utdanning § 5. Vedtaka blei fatta av NOKUTs styre 13. februar 2025.
Om Fagskulen Vestland
Fagskulen Vestland er ein offentleg fagskule ått av Vestland fylkeskommune. Han blei oppretta i 2022 igjennom ei samanslåing av Fagskolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane. Skulen har hovudadministrasjonen sin i Bergen og driv undervisning ved fleire studiestadar i fylket, inkludert Førde, Voss, Austevoll og Måløy. Dei tilbyr omkring 50 ulike fagskuleutdanningar innan område som maritime fag, marine fag, tekniske fag og helsefag. Utdanningane blir tilbydde både som nettbaserte og stadbaserte program. Innan helsefag har skulen 80 studentar fordelte på fem klassar i studieåret 2023/24. Dei har tre aktive helseutdanningar: Psykisk helsearbeid og rusarbeid, Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi og Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta. Skulen har frå før ei fagområdeakkreditering for teknisk fagområde som blei gitt i 2021.
Om Nordland fagskole
Nordland fagskole er ein offentleg fagskule som er ått av Nordland fylkeskommune. Han blei etablert i 2019 då fem lokale fylkeskommunale fagskular blei slått saman til éin institusjon. Skulen tilbyr undervisning ved ni ulike studiestadar spreidd utover Nordland fylke. Per 2023 hadde fagskulen totalt 378 studentar. Dei har i dag 13 akkrediterte studiar som spenner over fleire fagfelt, inkludert maritime fag, helsefag, reiseliv og tekniske fag. Innan helsefag tilbyr dei fire utdanningar: Eldre og livsmestring, Helhetlig miljøarbeid, Palliasjon og Psykisk helsearbeid og rusarbeid. Innan elektro har dei éi akkreditert utdanning i elkraft, som har samlingane sine i Melbu. Fram til no har Nordland fagskole ikkje hatt nokon fagområdeakkrediteringar, men får no sine to første innan helse og elektro.