To høgskular må rette opp manglar etter tilsyn med kvalitetsarbeid

Styret i NOKUT har i dag vedtatt at Høyskolen Barratt Due (HBD) og Norsk Gestaltinstitutt Høyskole (NGI) må rette opp enkelte manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet sitt.

Begge høgskulane får ein frist på eit år til å rette opp manglane. Dette var i tråd med vurderingane til den sakkunnige komiteen.

–  Komiteen trekker fram at det føregår mykje godt kvalitetsarbeid ved begge høgskulane, men at dei samtidig har noko dei må retta opp for å få godkjent, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

For begge høgskulane blir det påpeika at det er rom for å forenkle kvalitetssystema, slik at kvalitetsarbeidet blir meir tilpassa storleiken og eigenarten til høgskulane.

Meir tid til FoU-arbeid ved HBD

Komiteen ser mykje godt kvalitetsarbeid ved HBD. Tilsynet har likevel vist at fagmiljøet ved HBD ikkje har avsett tilstrekkeleg tid til forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Dette er noko høgskulen sjølv har avdekt gjennom kvalitetsarbeidet sitt, men utan å retta opp i manglane innan rimeleg tid. Komiteen har heller ikkje sett ein tydeleg systematikk i HBD sine ordningar for å kontrollere at studietilboda til kvar tid tilfredsstiller krava til akkreditering.

Sjølv om komiteen konkluderer med at kvalitetsarbeidet ved HBD har enkelte manglar, får dei ros av den sakkunnige komiteen for det omfattande og gode arbeidet som høgskulen har lagt ned i utviklinga av kvalitetssystemet over tid.

Les heile tilsynsrapporten (pdf)

Manglande dokumentasjon ved NGI

I rapporten om kvalitetsarbeidet ved Norsk Gestaltinstitutt Høyskole skriv den sakkunnige komiteen at NGI i løpet av dei siste par åra har fått på plass eit kvalitetssystem som er godt eigna til å sikre og vidareutvikla kvaliteten i utdanninga. Samtidig ser komiteen svært alvorleg på at NGI ikkje har kunna dokumentere kvalitetsarbeid som eventuelt har vore utført før studieåret 2022/23. NGI må rette opp dei påpeika manglane innan eit år, og komiteen tilrår òg at NOKUT følger opp høgskulen tre–fire år etter at tilsynet er avslutta.

Komiteen meiner at det nye kvalitetssystemet til  NGI ser ut til å ha hatt ein positiv innverknad på kvalitetskulturen, men at det nye systemet må få tid til å verke.

Les heile tilsynsrapporten (pdf)

Om Høyskolen Barratt Due

HBD er lokalisert på Fagerborg i Oslo og tilbyr tre akkrediterte studietilbod fordelt på om lag 60 studieplassar. Bachelor i utøvende musikk blei akkreditert i 2006. Praktisk pedagogisk utdanning – instrumentalpedagogen og videreutdanning i musikkdidaktikk blei akkreditert i høvesvis 2008 og 2009. I tillegg bidrar høgskulen inn i Norges musikkhøgskule sitt masterstudium i utøvande musikk. HBD er del av Barratt Due musikkinstitutt, som tilbyr opplærings- utdannings- og talentutviklingsaktivitetar innan den klassiske musikktradisjonen.

Om Norsk Gestaltinstitutt Høyskole

NGI er den einaste institusjonen i Noreg som tilbyr akkreditert høgare utdanning innan gestaltfaget. Instituttet blei etablert i 1986 og tilbaud ikkje-akkreditert gestaltterapiutdanning fram til vidareutdanninga gestaltterapiutdanning på 120 studiepoeng (deltid over fire år) blei akkreditert i 2003. I 2006 fekk NGI akkreditering for det andre studietilbodet sitt, eit årsstudium i gestaltorientert coaching på 60 studiepoeng (deltid over to år).

NGI har om lag 230 studentar og held til i Sandvika i Bærum kommune.

Del med andre