Akkreditering av høgare yrkesfagleg utdanning

NOKUT har ansvar for å akkreditere høgare yrkesfagleg utdanning, altså fagskuletilbod, i Noreg. Berre skular som har akkrediterte fagskuletilbod kan kalle seg fagskular.

NOKUT akkrediterer det følgjande:

  • fagskuletilbod
  • fagområde

Viss du ynsker å logge direkte inn i portalen for å registrere søknad om akkreditering av fagskuleutdanning, kan du gjere det her:

Logg inn


Viss du ynsker meir informasjon om søknadsprosessen for akkreditering av fagskuleutdanning eller fagområdeakkreditering, finn du dette lengst nede på denne sida.

Neste søknadsfrist

Akkreditering av fagskuleutdanningar:

  • 20. januar: Denne fristen gjeld for nye søkarar. Med "nye søkarar" meiner vi alle som vil bli fagskule, altså alle søkarar som ikkje har akkrediterte fagskuleutdanningar frå før.
  • 10. februar: Denne fristen gjeld for alle søkarar som har akkrediterte fagskuleutdanningar frå før.

Søknader de sender inn etter den fristen som gjeld for dykk, vil vi behandle etter den neste søknadsfristen.

Fagområdeakkreditering:

  • 1. november

Dokument som NOKUT tek imot er som hovudregel offentlege

Vi gjer merksam på at alle dokument som NOKUT tek imot som hovudregel er offentlege, jf. offentleglova § 3.
Det er viktig at dei som sender inn dokument til NOKUT sørgjer for at dei ikkje inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt eller sensitive personopplysningar. Dersom dokumenta likevel inneheld opplysningar som de meiner at vi må gjera unntak for, må de informere oss om dette når de sender inn dokumenta. De må óg vise til eit rettsleg grunnlag for kvifor de meiner at vi må gjere unntak. NOKUT vil gjere ei vurdering av grunngivinga dykkar i kvart enkelt tilfelle.

Rettleing

For å finne rettleiinga som er retta mot dykk, vel type akkreditering og følg rettleiinga:

Vennligst gjør et valg i forrige trinn
Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Formålet med akkrediteringsordninga er å sikre fagskulestudentar tilfredsstillande utdanning og vilkår og medverke til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning. For søkjarar som ikkje har akkrediterte fagskuleutdanningar frå før, vurderer NOKUT om fagskulen har tilfredsstillande styringsordning, reglement og system for kvalitetssikring, i tillegg til å vurdere sjølve fagskuleutdanninga.

NOKUT kan gi ein fagskule fullmakt til sjølv å opprette utdanningstilbod innanfor eit avgrensa fagområde. For å få denne fullmakta må fagområdet vere akkreditert, og fagskulane må oppfylle fleire vilkår.

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Rettleiingar

NOKUT har laga ein praktisk retta rettleiar til dei som skal søke om akkreditering av fagskuleutdanning. Rettleiaren går gjennom søknadsskjemaet trinn for trinn. Han tar for seg kva krav vi vurderer søknaden opp mot og korleis søknaden blir handsama.

Rettleiar – nettbasert versjon | Rettleiar – pdf-versjon – NB! Oppdatert 8. mai 2023

Vi har også skrive ein rekke nettartiklar som tar føre seg innhaldet i regelverket og korleis de skal forstå dei ulike krava. Gå til Regelverk for fagskoler

Ein oversikt over alle rettleiingane som gjeld fagskuleutdanning finn de her.

Vennligst gjør et valg i forrige trinn

Frista for å søke om akkreditering av fagområde er 1. november. 

For å kunne sette av nødvendige ressursar til søknadsbehandlinga ynsker NOKUT at fagskular som planlegg å søke fagområdeakkreditering, meld fra eit halvt år på førehand, det vil si innan 1. mai. Fagskular som varslar innan denne frista, vil få prioritert søknadane sine i søknadsbehandlinga.

Send ein e-post til fagskole@nokut.no og informer om namnet til fagskulen, namnet på fagområdet og namn og e-postadresse til kontaktpersonen som skal vere ansvarleg for søknaden.