Ny fagområdeakkreditering for Folkeuniversitetets Fagskole
Framover kan fagskulen sjølve opprette og forandre utdanningar innan fagområdet økonomi, administrasjon og logistikk.
Med dagens vedtak frå NOKUTs styre får Folkeuniversitetets Fagskole utvida fullmakter til å opprette og forandre utdanningar innan nok eit fagområde. Frå før har dei ein fagområdeakkreditering innan helsefag.
– Eg vil gratulere Folkeuniversitets Fagskole med akkreditering av fagområdet økonomi, administrasjon og logistikk. Dette er deira andre fagområdeakkreditering og gir dei fullmakt til å opprette nye utdanningar innan dette området sjølv, utan at dei må søkje NOKUT. Med denne tilliten får dei òg eit større ansvar for sjølve å sikre kvaliteten i utdanningane sine, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Les rapporten frå den sakkunnige komiteen (pdf)
Leverer etterspurd kompetanse
Søknaden om fagområdeakkreditering er vurdert av ein sakkunnig komité, og dei sakkunnige har mykje godt å seie om søknaden frå Folkeuniversitets Fagskole.
I rapporten til komiteen blir det mellom anna trekt fram at fagskulen samarbeider godt med yrkesfeltet om å levere kompetanse som er etterspurd.
Komiteen viser òg til samtalar med dei ulike gruppene som er knytt til fagskulen, der det blei trekt fram at Folkeuniversitetets Fagskole lyttar til signal frå arbeidslivet og er opptekne av samfunnslivet sitt behov i utviklinga av nye utdanningar.
– Det ligg i naturen og samfunnsoppdraget til fagskulane å levera kompetanse som samfunnet har behov for, så dette er viktige og gode tilbakemeldingar som dei kan ta med seg vidare, seier Vinje.
Om Folkeuniversitetets Fagskole
Folkeuniversitetets Fagskole blei etablert 1. januar 2020 som ei samanslåing av tidlegare Folkeuniversitetet Øst, Folkeuniversitetet Sør-øst og Folkeuniversitetet Midt. Inntil nyleg var fagskulen eit heileigd dotterselskap av Folkeuniversitetet. I oktober 2024 blei aksjane selde og Folkeuniversitetets Fagskole er i dag åtte av Fagskolen Diakonova Holding AS.
Folkeuniversitetet Øst og Folkeuniversitetet Sør-øst fekk dei første fagskuleutdanningane sine akkreditert i 2009, og i 2023 fekk Folkeuniversitetets Fagskole sin første fagområdeakkreditering for fagområdet helsefag. På søknadstidspunktet hadde fagskulen elleve akkrediterte fagskuleutdanningar: seks innanfor fagområdet helse og fem innan økonomi og administrasjon.
Folkeuniversitetets Fagskole har hovudkontor i Lillestrøm, men dei tilsette er lokaliserte fleire stadar i landet. Fagskulen hadde på søknadstidspunktet aktivitet i ti av fylka i landet og har i dag 856 aktive studentar. 352 av desse er innan økonomiske og administrative fag.