Kvalitetsarbeidet ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehageutdanning er godkjend

Manglane frå tilsynet i 2022 er retta opp, og det systematiske kvalitetsarbeidet ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehageutdanning (DMMH) er godkjend av NOKUT.

Logo: DMMH
Logo: DMMH

NOKUTs styre har i dag fatta vedtak i tråd med konklusjonen til den sakkunnige komiteen. Komiteen skriv i rapporten sin at dei har tillit til at det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonen sikrar og vidareutviklar utdanningskvaliteten.

Med dagens vedtak oppfyller DMMH krava til systematisk kvalitetsarbeid i lov og forskrifter, fortel NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Vi gratulerer høgskulen med dagens vedtak. Både dokumentasjonen og institusjonsbesøket våren 2024 viste at DMMH har tatt tilbakemeldingane frå 2022 på alvor og jobba aktivt for å rette på manglane som då blei avdekte, seier Kristin Vinje.

Den sakkunnige komitéen som vurderte det systematiske kvalitetsarbeidet ved DMMH i 2022, konkluderte med at kvalitetsarbeidet hadde vesentlege manglar. Når NOKUTs styre fattar vedtak om at kvalitetsarbeidet til institusjonen har "vesentlege manglar", blir det gjennomført eit nytt tilsyn med ei ny sakkunnig vurdering. Eit nytt tilsyn blei gjennomført våren 2024.

Komitéen meiner at DMMH har hatt ei god utvikling sidan førre tilsyn, og at institusjonen no har fått på plass eit kvalitetssystem med rutinar som kan gi støtte til det vidare kvalitetsarbeidet. DMMH har hatt kort tid på seg til å vise korleis det nye kvalitetssystemet fungerer i praksis, men komitéen meiner at høgskulen i tilstrekkeleg grad har dokumentert at systemet og kvalitetsarbeidet no tilfredsstiller minstekrava i loven og forskriftene.

Les tilsynsrapporten (pdf)

Om DMMH

Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning (DMMH) blei grunnlagd i 1947 og er landets nest eldste utdanningsinstitusjon innanfor sitt felt. DMMH er ein sjølvstendig stiftelse knytt til Den norske kyrkja og er akkreditert som høgskule. Som akkreditert høgskule kan DMMH sjølve opprette nye studietilbod på bachelornivå utan å søkje NOKUT om akkreditering. Høgskulen har ikkje fullmakt til sjølv å akkreditere studietilbod på master- og ph.d.-nivå.

DMMH er lokalisert på campus Dalen i Trondheim, men har òg deltidsutdanning i Kristiansund. DMMH har om lag 1 400 studentar og tilbyr 24 ulike studietilbod innan barnehagelærarutdanning på bachelor- og masternivå, både heiltid og samlingsbasert deltid.

Del med andre