Høgskulen i Volda får akkreditert sin første eigne doktorgradsutdanning

Onsdag 15. februar vedtok styret i NOKUT å godkjenna akkrediteringssøknaden frå Høgskulen i Volda (HVO), som med det får sin første eigne doktorgradsutdanning.

Logo: Høgskulen i Volda
Logo: Høgskulen i Volda

Med doktorgradsprogrammet "Utdanning, språk og kultur" får HVO utvida fullmakter til å opprette utdanningar på masternivå. Programmet omfattar fleire fag, men er tett knytt til lærarutdanninga i Volda, og utdanningsvitskap høyrer til kjernen til programmet. Det har blitt utdanna lærarar i Volda i over 100 år.

– Vi gratulerer Høgskulen i Volda med det nye doktorgradsprogrammet. Lærarutdanning har lange tradisjonar i Volda, og med denne akkrediteringa på plass blir det skriven eit nytt kapittel i høgskulens historie, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Den sakkunnige komitéen som har vurdert søknaden, framhevar fagmiljøet i vurderinga si og skriv mellom anna at det opplevast som relevant, variert og med høg kompetanse.

Les heile rapporten frå dei sakkunnige (pdf)

Gir utvida fullmakter

HVO har hatt ei fellesgrad i helse- og sosialfag saman med Høgskolen i Molde sidan 2014, så det ferske doktorgradsprogrammet er HVO sitt første sjølvstendige doktorgradsprogram.

Eit slikt doktorgradsprogram er ikkje berre ei fagleg anerkjenning seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

– Doktorgradsprogramma seier noko om den faglege kapasiteten innanfor eit bestemt fagområde, og dei gir institusjonen mogelegheit til å opprette utdanningar til og med masternivå innan fagområdet til dei akkrediterte doktorgradsprogramma utan å måtte søkje NOKUT i forkant. Det er ei tillitserklæring til høgskulen, seier Vinje.

Del med andre