Kombinerte fagevalueringar (KOMBEVAL)

På oppdrag frå Kunnskapsdepartmentet har NOKUT og Noregs forskingsråd samarbeidt om å utvikle ein modell for evalueringar der utdanning og forsking blei evaluert i same prosess. Bakgrunnen for oppdraget var eit ønske om å utvikle evalueringar av heilskapen i samfunnsoppdraget til institusjonane.

Tre samfunnsvitskaplege fag, statsvitskap, sosiologi og samfunnsøkonomi, vart valde ut til å inngå i piloten. I tillegg til å vurdere kvaliteten på utdanning og forsking i desse tre disiplinane, undersøkte pilotprosjektet også samspelet mellom utdanning og forsking, med det formålet å finne ut meir om korleis dei ulike aspektane av institusjonane sine oppdrag verkar inn på kvarandre.

Evalueringa av utdanningane blei utført av internasjonale panel med ekspertise både innanfor fagfelta og innanfor UH-pedagogikk. Datagrunnlaget kom frå informasjon som blei sendt inn av institusjonane som deltok i pilotprosjektet og frå NOKUTs student- og undervisarundersøkingar.

Evalueringsarbeidet fann stad frå våren 2017, og dei endelege resultata kom i juni 2018.

Prosjektleiar i NOKUT: Marte Bogen Sinderud

Rapportar

Nyhende