NOKUT akkrediterer og fører tilsyn
NOKUT fører tilsyn med kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og skal stimulere til kvalitetsutvikling. NOKUT tek vare på tilsynsoppdraget gjennom å akkreditere studietilbod og institusjonar innan høgare utdanning, og studietilbod og fagområde i høgare yrkesfagleg utdanning. NOKUT fører også tilsyn med akkrediteringa til desse. I tillegg kommer tilsyn av institusjonane sitt systematiske kvalitetsarbeid.
Akkreditering av studietilbod
NOKUT tek i mot søknader om akkreditering av studietilbod frå høgskular og fagskular som ikkje har eigne faglege fullmakter til sjølve å akkreditere det aktuelle studietilbodet, og frå høgskular og universitet innafor særskilte utdanningstypar som til dømes rettsvitskap og psykologi. NOKUT gjennomfører ei fagleg vurdering av om tilbodet oppfyller aktuelle krav ved hjelp frå sakkunnige. Basert på vurderingane, fattar NOKUT positivt eller negativt vedtak. Ved søknad om akkreditering av ph.d.-studium gjennomfører dei sakkunnige besøk ved institusjonen.
- NOKUTs akkreditering av nye studietilbod – høgare utdanning
- NOKUTs akkreditering av studietilbod og fagområde innan fagskuleutdanning
- Sakkunnige – studietilbod på bachelor- og mastergradnivå
- Sakkunnige – studietilbod på ph.d.-nivå
- Sakkunnige – fagområde
Akkreditering av institusjonar og fagområde
Akkreditering av institusjonar
Institusjonar innan høgare utdanning utan fulle fullmakter kan søkje om å bli akkreditert høgskule, vitskapleg høgskule eller universitet. Sakkunnige vurderer, på grunnlag av søknad og institusjonsgjesting, om institusjonen oppfyller dei aktuelle krava og om institusjonen kan bere utvida faglege fullmakter. Ved ei positiv akkreditering frå NOKUT, kan institusjonen søkje om endring i institusjonskategori. Ei slik endring blir avgjord av Kongen i statsråd.
Akkreditering av fagområde
Fagskolar innan høgare yrkesfagleg utdanning kan søkje NOKUT om å få akkreditert fagområde. Sakkunnige vurderer, på grunnlag av søknad og institusjonsgjesting, om fagområdet oppfyller dei aktuelle krava og om fagskolen kan bere utvida faglege fullmakter. Ved ei positiv akkreditering frå NOKUT, får fagskolen fullmakter til sjølv å akkrediterer utdanningar innan et avgrensa fagområde. En fagskole kan søkje om akkreditrering for fleire fagområde og opparbeide seg breie fullmakter.
Les meir om akkrediterte fagområde
NOKUTs tilsyn
NOKUT er gitt mynde til å føre tilsyn med institusjonane si sikring og utvikling av eigen utdanningskvalitet. Dette inkluderer tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid og tilsyn med akkrediteringa til studietilbod, institusjonar og fagområde. Resultata av gjennomført tilsyn kan medføre pålegg om retting, tap av faglege fullmakter og/eller retten til å søkje NOKUT om akkreditering av studietilbod, institusjonskategori eller fagområde.
- Tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet – høgare utdanning
- Tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet – høgare yrkesfagleg utdanning
- Tilsyn ved universitet, høgskular og fagskular