Systematisk kvalitetsarbeid
Universitet og høgskular
Det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular skal sikre og medverke til å utvikle kvaliteten i studietilboda og avdekkje sviktande kvalitet. Derfor stilles det krav til at alle institusjonane har eit tilfredsstillande kvalitetssikringssystem, der til dømes studentevalueringar inngår. Det stilles også krav til at arbeid med læringsmiljø dokumenterast og inngår i dette systemet.
Det systematiske kvalitetsarbeid skal være forankra i ein strategi, og det skal også være forankra i styre og leiing. Kvalitetsarbeidet skal også bidra til å fremme ein kvalitetskultur ved institusjonen.
For å sikre kvaliteten skal institusjonane blant anna kontrollere at alle studietilboda tilfredsstiller dei kvalitetskrava som er fastsett på nasjonalt nivå. For vidare å kunne vurdere kvaliteten i studietilboda skal institusjonane innhente informasjon frå relevante kjelder, for eksempel skal det inngå i kvalitetsarbeidet å gjennomføre periodiske evalueringar av studietilboda.
Kunnskap frå kvalitetsarbeidet skal brukast til å utvikle kvaliteten. Resultat frå kvalitetsarbeidet skal inngå i kunnskapsgrunnlaget til institusjonen når dei vurderer og strategisk utviklar den samla studieporteføljen.
Dei nasjonale krava til det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular er fastsette i universitets- og høgskolelova, studiekvalitetsforskriften (Kunnskapsdepartementet) og i studietilsynsforskriften (NOKUT).
Les meir:
- Systematisk kvalitetsarbeid i høyere utdanning (pdf)
- Krav til akkrediterte studietilbod – høgare utdanning
Fagskular
Fagskulane er pålagde å ha eit tilfredsstillande internt system for kvalitetssikring som bidreg til kvalitetsutvikling, forbetringar og utdanninganes yrkesrelevans. Systemet skal også bidra til å avdekke eventuell sviktande kvalitet i utdanningane. Systemet for kvalitetssikring er fagskulens verktøy i kvalitetsarbeidet. Systemet skal vise måla, korleis kvalitetsarbeidet skal gjerast, ansvarsforholda og rapporteringslinjene.
For fagskular med akkrediterte fagområde skal skildringa av systemet også innehalde rutine for etablering av nye utdanningar og vise korleis dei gjennomfører vesentlege endringar av utdanningane.
Fagskulen skal setje mål for kvaliteten i utdanningane. Dei skal innhente tilbakemeldingar om kvaliteten i utdanningane frå studentar, tilsette, aktørar i yrkesfeltet og andre relevante kjelder. Informasjonen og resultata skal dei bruke til å vurdere om kvar enkelt utdanning har nådd måla fagskulen har satt for kvalitet i utdanningane. Desse vurderingane skal fagskulen bruke til å rette opp sviktande kvalitet og til å utvikle vidare kvaliteten i utdanningane sine.
Fagskulens arbeid skal vere forankra i fagskulens styre og leiing. Tilsette og studentane skal involverast i kvalitetsarbeidet. Fagskulane må sørge for tilfredsstillande dokumentasjon av arbeidet med kvalitet i utdanningane.
Nasjonale krav til system for kvalitetssikring ved fagskulane ligg i fagskoleloven § 5, fagskoleforskriften § 49 (Kunnskapsdepartementet) og i fagskoletilsynsforskriften kapittel 4 (NOKUT).
Les meir:
- Veiledning til fagskolens kvalitetsarbeid
- Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare yrkesfagleg utdanning