Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare yrkesfagleg utdanning
Alle studietilbod ved fagskular skal tilfredsstille dei nasjonale krava om utdanningskvalitet. Dette gjeld også for studietilboda som fagskulane med fagområdeakkreditering, sjølv akkrediterer på eiga fullmakt. Krava til kvaliteten i studietilbod er fastsette i fagskoleloven, studiekvalitetsforskriften (Kunnskapsdepartementet) og i fagskoletilsynsforskriften (NOKUT).
Det er fleire sider ved studietilboda som må følgjast opp gjennom kvalitetsvurderingar, som det faglege innhaldet i studietilbodet, organiseringa og gjennomføringa av undervisninga og læringa i tillegg til vurderinga og kompetansen til dei som undervisar og rettleier studentane.
NOKUT har utarbeidt rettleiingsmateriale for dei som skal søkje NOKUT om akkreditering av studietilbod. Nokre av tekstane forklarer korleis NOKUT tolkar ulike krav til fagskuleutdanningar. Desse kan vere nyttige også for dei som akkrediterer studietilbod på eiga fullmakt.