Krav til kvalitet i akkrediterte studietilbod – høgare utdanning
Alle studietilbod ved universitet og høgskular skal tilfredsstille dei nasjonale krava til utdanningskvalitet. Dette gjeld også for studietilboda institusjonane sjølve akkrediterer på eiga fullmakt. Krava til kvaliteten i studietilbod er fastsette i kapittel 3 i studiekvalitetsforskriften (Kunnskapsdepartementet) og i kapittel 2 i studietilsynsforskriften (NOKUT).
Fleire sider ved studietilboda må følgjast opp gjennom kvalitetsvurderingar, som innhaldet i studietilbodet, organiseringa og gjennomføringa av undervisninga og læringa i tillegg til vurderinga og kompetansen til dei som undervisar. Mange som akkrediterer på eiga fullmakt har nytte av rettleiinga for institusjonar som skal søkje NOKUT om akkreditering av studietilbod.