Tildelingsbrev, årsrapportar og revisjonsberetning

Tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet

Tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet er det årlege styringsdokumentet til NOKUT.

NOKUTs årsrapport til Kunnskapsdepartementet

Årsrapporten vår er den formelle tilbakemeldinga til Kunnskapsdepartementet (KD) om bruken av løyvinga over statsbudsjettet. Årsrapporten gir ei utgreiing for verksemda og resultata våre og skal fungere som grunnlagsdokument for Kunnskapsdepartementets etatsstyring av NOKUT. Rapporten inneheld blant anna ein årsrekneskap, i tillegg til ein detaljert gjennomgang av årets aktivitetar og resultat og ei vurdering av framtidsutsiktene våre.

Virksomhets- og økonomiinstruks

Denne instruksen fastset Kunnskapsdepartementets overordna krav til system, rutinar og styringsprosessar hos NOKUT.

Riksrevisjonens beretning – revisjon av årsrekneskapet

Revisjonsberetninga er Riksrevisjonens årlege konklusjon på gjennomført finansiell revisjon.

NOKUT – året [...]

Dette er ein kort og generell samfunnsrapport som inneheld orienteringa til direktøren, ein kort status for ansvarsområda våre, i tillegg til fleire artiklar relaterte til aktivitetar og analysar av verksemda vår det aktuelle året. Frå 2020 gjekk me over til å kun lage ein årsrapport, så siste NOKUT – året kom i 2019. Sjå oversikt under.