NOKUTs strategi 2023–2030: Sikre kvalitet, skape tillit
Sidan etableringa i 2003 har NOKUT bidratt til å sikre kvalitet og skape tillit til norsk høgare utdanning. Når vi no markerer 20-årsjubileet vårt, stakar vi ut kursen for korleis vi skal bidra til å sikre og utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning framover.
Vinteren 2021 gjorde Kunnskapsdepartementet det kjent at det skulle gjennomførast strukturelle endringar innanfor kunnskapssektoren. I prosessen som følgde, blei sju underliggjande organ slått saman til tre. Av desse var to heilt nye (Sikt og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse). NOKUT bestod, men med ein endra oppgåveportefølje. 1. januar 2023 blei NOKUTs oppgåver i samband med godkjenning av utanlandsk utdanning flytta over til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. NOKUTs oppgåver blei med dette konsentrert om norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Med denne endringa blei det naturleg å utarbeide ein ny strategi.
Samfunnsoppdrag
NOKUTs oppgåver som uavhengig forvaltningsorgan er
- å akkreditere og føre tilsyn med studietilbod, fagområde og institusjonar
- å føre tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane
- å evaluere utdanningar for å kunne bedømme kvaliteten
- å bistå institusjonane i kvalitetsarbeidet deira og stimulere til kvalitetsutvikling
NOKUTs oppgåver som er delegert frå Kunnskapsdepartementet, omfattar
- regelverksforvalting
- nasjonale undersøkingar og eksamenar
- økonomisk tilsyn ved private institusjonar og studentsamskipnadar, i tillegg til kontrolloppgåver ved statlege institusjonar og verksemder
Mål
NOKUT har fire verksemdsmål for strategiperioden. Dei tre første måla skildrar kva NOKUT ønskjer å bidra til – for utdanningsinstitusjonane og for resten av samfunnet. Det fjerde målet skildrar korleis NOKUT skal vere som organisasjon for å kunne bidra til å oppnå dei tre første måla.
NOKUTs mål byggjer opp under Kunnskapsdepartementets sektormål for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, i tillegg til FNs berekraftsmål 4 om å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og tilgang til livslang læring for alle.
Det er institusjonane sjølve som har ansvar for å forvalte faglege fullmakter, og for å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane dei tilbyr. Det norske systemet for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning viser utdanningsinstitusjonane stor tillit og gir dei vide faglege fullmakter. Til gjengjeld skal institusjonane vise at dei er verdige denne tilliten.
Verkemidla til NOKUT skal sikre at institusjonane driv godt kvalitetsarbeid, og stimulere til vidareutvikling av utdanningskvaliteten.
Til saman bidrar institusjonane og NOKUT til at institusjonane, fagmiljøa, studentane, styresmaktene og samfunnet er godt informerte om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, og at dei kan ha tillit til han. Dette krev at utdanningane har gode rammer, og at kunnskap og verkemiddel for kvalitetssikring blir brukt på ein måte som er gjennomsiktig, effektiv og nyttig for heile samfunnet.