Nøkkeltal frå NOKUTs verksemd
På denne sida kan du finne tal som viser omfanget av NOKUTs verksemd innanfor norsk utdanning. Tala er frå 2022.
Norsk utdanning
Akkreditering av fagskuletilbod
NOKUT akkrediterer fagskuletilbod etter søknad frå fagskular. I saker som har kome inn til søknadsfristen 15. september fattast vedtak ofte året etter. Dette forklarer at det einskilde år kan fattast fleire vedtak enn mengda nye søknadar som er tekne imot.
Nye søknadar: 121 (søknadsrunden 2021/2022)
Positive vedtak: 28
Sjå oversikt over alle fagskoletilbod NOKUT har akkreditert
Endringar i utdanningar ved fagskuler
Antall meldingar: 216
Akkreditering av fagområde
NOKUT godkjenner fagområde etter søknad frå fagskular. I saker som har kome inn til søknadsfristen 1. november fattast vedtak ofte året etter. Dette forklarer at det einskilde år kan fattast fleire vedtak enn mengda nye søknadar som er tekne imot.
Nye søknader: 10
Positive vedtak: 2
Sjå oversikt over alle fagområde NOKUT har akkreditert
Akkreditering av studietilbod – høgare utdanning
Institusjonar som ikkje har fullmakt til å opprette nye studietilbod innan høgare utdanning, må søkje NOKUT om akkreditering av slike studietilbod. Søknadar som blir funne eigna for vidare behandling, blir sendt til sakkunnig vurdering. På bakgrunn av den vurderinga, kan ein søknad få positivt eller negativt vedtak.
Nye søknader: 14 (søknadsrunden 2021/2022)
Positive vedtak: 17 (3 phd, 8 master og 6 bachelor)
Sjå oversikt over alle studietilbod NOKUT har akkreditert
Akkreditering av institusjonar – høgare utdanning
Ein institusjon kan søkje akkreditering i ein annan kategori, for eksempel frå høgskule til universitet. NOKUT vurderer om institusjonen tilfredsstiller standardar og kriterium for akkreditering i den aktuelle kategorien. Dersom NOKUT finn at så er tilfelle, vurderer Kunnskapsdepartementet om ein institusjon blir flytta over i den aktuelle kategorien.
Søknadar: 2
Positive vedtak totalt: 0
Sjå oversikt over institusjonane NOKUT har akkreditert
Tilsyn med høgare utdanning
Eksisterande studietilbod: 1
Det systematiske arbeidet med kvaliteten: 8
Les meir om tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet
Tilsyn med høgare yrkesfagleg utdanning
Eksisterande fagskuletilbod: 2
Det systematiske arbeidet med kvaliteten: 6 (oppfølging etter påpekte manglar)
Økonomisk tilsyn (skalert): 5
Økonomisk tilsyn (fullskala): 2