NOKUT er sertifisert som Miljøfyrtårn

NOKUT skal bidra til eit meir berekraftig samfunn og tar derfor ansvar for miljøpåverknaden vår. Ein viktig del av arbeidet er å vere Miljøfyrtårn-sertifisert.

Denne sertifiseringa betyr at vi har etablert eit miljøleiingssystem som styrer klima- og miljøarbeidet og hjelper oss med kontinuerleg forbetring. Sertifiseringa inneheld også konkrete krav som må oppfyllast innan arbeidsmiljø, avfall/ombruk, energi, innkjøp og transport. Kvart år innrapporterer vi tal for aktivitetane våre som resulterer i ein klimarekneskap, og dessutan resultat og statistikk. Denne informasjonen gir god oversikt over framgang og forbetringspotensial og blir gjord offentleg tilgjengeleg.

Innrapporterte klima- og miljødata

Viss du ønskjer meir informasjon om aktivitetane og resultata våre innan klima- og miljøarbeidet, kan du sjekke rapportering og sertifikat her.

NOKUT ønskjer innspel til klima- og miljøarbeidet

Ein del av Miljøfyrtårn-sertifiseringa handlar om samspelet mellom verksemd og samfunnet. Derfor inviterast samarbeidspartnarar og andre interessentar til å gi innspel om korleis klima- og miljøpåverknaden av tenestene våre kan forbetrast. Innspela gir oss nyttig innsikt i kva behov og forventningar de har til NOKUT i åra framover.

Forslag til forbetringar kan sendast til postmottak@nokut.no.

Vi ser fram til å jobbe saman for å skape eit meir berekraftig samfunn.