ENQA-evaluering

Kvart femte år skal NOKUT gjennom ei ekstern evaluering for å vise korleis arbeidet vårt med ekstern kvalitetssikring samsvarer med dei europeiske kriteria i ESG 2015.

ESG er ei forkorting for European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area. Kriteria vart første gong utarbeidd i 2005, og deretter revidert i 2015 – begge gongene innført av de europiske ministrane med ansvar for høgare utdanning.

At kvalitetssikringsorgan skal gjennom ei ekstern evaluering kvart femte år er nedfelt som standard 3.7 i ESG. Evalueringa skal sikre at organet etterlever ESG, men også stimulere til refleksjon og vidareutvikling. I tillegg legg evalueringa grunnlag for at NOKUT jamleg kan søkje om å fornye sitt medlemskap i The European Association for Quality Assurance in Higher Education (ENQA) og registreringa i The European Quality Assurance Register for Higher Education (EQAR).

Fornyet medlemsskap for fem nye år

Sommaren 2023 fekk NOKUT fornya medlemskapen i ENQA, etter ein omfattande evalueringsprosess. Konklusjonen frå komitéen var at NOKUT oppfyller alle kriterium. I tillegg får vi rosande omtale på fleire område og nokre forslag til forbetringar.

NOKUT har også fått fornya medlemskapen i EQAR for ein ny femårsperiode. EQAR (The European Quality Assurance Register for Higher Education) er det offisielle registeret over kvalitetssikringsorgan som oppfyller ESG-krava.

Tidlegare evalueringar

NOKUT har blitt evaluert tre gonger tidlegare. Både evalueringa i 2018 og 2013 blei koordinert av ENQA, medan den første evalueringa i 2008 blei leda av NIFU STEP, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Under kan du lese meir om ENQA-evalueringa i 2018.

ENQAs database over evalueringer av NOKUT

På nettsidene til ENQA finn du oversikt over alle evalueringar som NOKUT har vore igjennom:

Les meir om NOKUT på ENQAs nettsider