Internasjonalt samarbeid
NOKUTs arbeid med kvalitetssikring og godkjenning av utdanningstilbod byggjer på internasjonale standardar. I tillegg deltek vi i internasjonale samarbeidsprosjekt.
Kvalitetssikring
Den norske kvalitetssikringa er sterkt påverka av måla i Bologna-prosessen der blant annan vår eigen utdanningsminister har anerkjend "Standards and guidelines for quality assurance in higher education" (ESG), som førande også for norsk kvalitetssikring. ESG skal bidra til ei felles europeisk plattform og dermed sikre europeisk mobilitet og konkurranseevne, men utan å utfordre mangfaldet og det nasjonale sjølvstendet.
ENQA
Ein indikasjon på at NOKUT opererer i samsvar med europeiske standardar for kvalitetssikring av høgare utdanning, er at NOKUT opprettheld medlemskapen i ENQA. Dette er den største medlemsorganisasjonen på sitt område i Europa og har i dag medlemer i meir enn 40 land.
Europeiske kvalitetssikringsorgan blir evaluerte etter ESG-kriteria kvart 5. år.
NOKUT blei evaluert våren 2023.
Nettverk og organisasjonar
Det internasjonale samarbeidet er konsentrert rundt sentrale nordiske og europeiske nettverk og organisasjonar. I tillegg til desse kjem også einskilde multilaterale og bilaterale samarbeidsprosjekt med andre nasjonale kvalitetssikringsorgan.
Vi spreier også informasjon om norsk høgare utdanning og det norske systemet for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling gjennom foredrag og presentasjonar i internasjonale samarbeidsprosjekt og nettverk.
NOKUT tek samtidig imot kunnskap og impulsar frå andre land, og held seg oppdatert om den internasjonale utviklinga gjennom diskusjonar om teori, metode og praksis innanfor kvalitetssikringsfeltet.
Vi er medlem av følgjande nordiske og europeiske nettverk og organisasjonar:
- European Association for Quality Assurance in Higher Education (ENQA)
- European Quality Assurance Register for Higher Education (EQAR)
- Nordic Quality Assurance Network in Higher Education (NOQA)
- The International Network for Quality Assurance Agencies Higher Education (INQAAHE)
- The European Association for Institutional Research (EAIR)
EU-prosjekt
- ARENA – Refugees and Recognition (Toolkit 3)
- LIREQA: Linking Academic Recognition and Quality Assurance
- LOBSTER – Learning Outcomes: Best practice Schemes, Transparency, Experience and Research
- ORION – From Input to Output in Recognition
- REACT – Refugees and Recognition
- Refugees and Recognition
- SCAN-d Samples & Copies of Academic National Diplomas
- VINCE: Validation for Inclusion of New Citizens of Europe