Avdelingar
-
Avdeling for akkreditering og tilsyn
Avdeling for akkreditering og tilsyn
Avdelinga har ansvaret for NOKUTs rettleiing, akkreditering og tilsyn av høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg forvaltar avdelinga forskrifter i sektoren.
Ansvaret til avdelinga omfattar:
- akkreditering av studietilbod, fagområdar og institusjonar
- tilsyn med institusjonanes systematiske kvalitetsarbeid
- tilsyn med akkrediteringa til studietilbod, fagområdar og institusjonar
- rettleiing og erfaringsdeling til og med institusjonane
Avdelinga kontrollerer at institusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning følgjer reglar i lov og forskrift. I tillegg medverkar den til at institusjonane lukkast med å vidareutvikle kvaliteten i eiga verksemd. Avdeling utfører dessutan utgreiingar, oppsummeringar og analysar innan ansvarsfeltet.
Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Nina Waaler.
Nina Waaler
Direkte telefon:
Mobil: 452 55 055
E-post: Nina.Waaler@nokut.no
Avdelinga består av to seksjonar:
Seksjon for høgare yrkesfagleg utdanning
Seksjonen blir leia av fungerande seksjonssjef
Christin Drangsland
Mobil: 928 15 414
E-post: Christin.Drangsland@nokut.no
Seksjon for høgare utdanning
Seksjonen blir leia av seksjonssjef
Hege Brodahl
Mobil: 970 86 176
E-post: Hege.Brodahl@nokut.no -
Avdeling for evaluering og analyse
Avdeling for evaluering og analyse
Avdelinga har ansvaret for å utføre evalueringar for å bedømme kvalitet i utdanninga (utdanningsevalueringar) og å gjennomføre undersøkingar og analysar for å få fram, samanlikne og formidle kunnskap om kvalitetstilstanden i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
I tillegg har avdelinga ansvaret for årlege nasjonale undersøkingar retta mot studentar i hhv. universitets- og høgskulesektoren (UH) og fagskulesektoren og dessutan undersøking retta mot vitskapelege tilsette som underviser i UH-sektoren – undervisarundersøkinga – kvart fjerde år. Begge studentundersøkingane blir gjorde opp oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Les meir på Studiebarometeret.no
Avdelinga har også ansvaret for nasjonale deleksamenar innan sjukepleiarutdanninga (i anatomi, biokjemi og fysiologi), grunnskulelærarutdanninga trinn 1–7 og 5–10 (i matematikk-didaktikk) og i barnevern (juridiske fag for master i barnevernfagleg arbeid og for master i barnevern).
Avdelinga utfører også oppsummeringar og analysar av kvalitetstilstanden på fag- og studieprogramnivå. I tillegg er avdelinga NOKUTs ressurs for statistikk og kvantitative data og hjelper dei andre avdelingane/seksjonane i NOKUT med utgreiingar og analysar.
Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Ole-Jacob Skodvin og seksjonssjef Stein Erik Lid.
Ole-Jacob Skodvin
Mobil: 975 25 062
E-post: Ole-Jacob.Skodvin@nokut.no
Stein Erik Lid
Mobil: 450 30 676
E-post: Stein.Erik.Lid@nokut.no -
Avdeling for fellestenester
Avdeling for fellestenester
Avdeling for fellestenester har ansvaret for dei interne fellesfunksjonane økonomi og styring av verksemd, HR, digitalisering og IT, arkiv, lokaler og administrative støttefunksjonar.
Avdelinga har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle NOKUT som organisasjon og hjelpe til og sikre ein heilskapleg og effektiv praksis i tråd med strategiar, retningslinjer og andre regelverk. I tillegg yter avdelinga service og gir stønad til dei andre avdelingane i den daglege drifta av NOKUT.
Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Thrine Kallseter.
Thrine Kallseter
Mobil: 995 19 044
E-post: Thrine.Kallseter@nokut.no
Avdelinga består av tre seksjonar:
Seksjon for HR
Seksjonen blir leia av seksjonssjef
Arnt-Helge Ljoså
Mobil: 988 87 136
E-post: arnthelge.ljosaa@nokut.no
Seksjon for IT
Seksjonen blir leia av seksjonssjef
Abdul Salam Ali
Mobil: 928 26 340
E-post: Salam.Ali@nokut.no
Seksjon for økonomi- og verksemdstyring
Seksjonen blir leia av seksjonssjef
Rita-Kristin Enoksen
Direkte telefon: 922 08 698
E-post: Rita-Kristin.Enoksen@nokut.no -
Avdeling for regelverk og økonomisk tilsyn
Avdeling for regelverk og økonomisk tilsyn
Avdelinga har ansvaret for NOKUTs juridiske portefølje, økonomiske tilsyn og ei rekkje kontrolloppgåver.
Ansvaret til avdelinga omfattar:
- generell forskriftsforvaltning
- regelverksprosjekt og juridisk bistand
- økonomisk tilsyn med og kontroll av økonomiforvaltninga til private institusjonar og studentsamskipnadar
- kontroll av økonomiforvaltninga, eigarskapsforvaltninga og samfunnstryggleiksarbeidet ved institusjonar innanfor høgare utdanning og forsking
Avdelinga koordinerer og gjennomfører regelverksprosjekt og gir støtte til dei andre avdelingane i juridiske spørsmål. I tillegg kontrollerer avdelinga at studentsamskipnadar, institusjonar innanfor høgare utdanning og forsking og institusjonar innanfor høgare yrkesfagleg utdanning følgjer reglar gitt i lov og forskrift.
Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Kristin Jung Berg.
Kristin Jung Berg
Direkte telefon: 22 53 05 72
Mobil:
E-post: Kristin.Jung.Berg@nokut.no -
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Kommunikasjonseininga har ansvaret for praktisk tilrettelegging og strategisk utforming av kommunikasjonsarbeidet i NOKUT.
Ansvaret til eininga omfattar:
- samfunnskontakt og formidling
- redaktøransvar for NOKUTs eksterne og interne nettsider
- planlegging og gjennomføring av ulike arrangement
Eininga har også ansvaret for NOKUTs kanalar i sosiale medium og den grafiske profilen, inklusive bruk av denne i malar og publikasjonar.
Kommunikasjonseininga skal bidra til at NOKUT er ein pådrivar for kvalitet i utdanningane og når målet sitt om å halde samfunnet godt informert om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg skal eininga leggje til rette for deling av kunnskap og samhandling internt i NOKUT.
Eininga blir leia av kommunikasjonssjef Peter Brandstrup.
Peter Brandstrup
Mobiltelefon: 415 47 215
E-post: Peter.Brandstrup@nokut.no
I tillegg til kommunikasjonssjefen består eininga av følgjande personar:
Seniorrådgivar kommunikasjon
Kristian Bergh
Direkte telefon: 22 53 05 01
E-post: Kristian.Bergh@nokut.noNettredaktør – seniorrådgivar kommunikasjon
Karine Kristiansen
Direkte telefon: 21 02 18 38
E-post: Karine.Kristiansen@nokut.noSeniorrådgivar kommunikasjon
Lene Beate Ruud
Direkte telefon: 21 02 18 94
E-post: Lene.Ruud@nokut.noLærling
Christopher Hansen
E-post: Christopher.Hansen@nokut.no