Om NOKUT
NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUT har eige styre og er eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig i oppgåvene som er definerte i universitets- og høgskulelova. I tillegg utfører vi forvaltningsoppgåver som er delegerte frå Kunnskapsdepartementet.
NOKUTs ambisjon er å sikre og bidra til å utvikle norsk utdanningskvalitet igjennom å vere eit framtidsrett og internasjonalt leiande kvalitetssikringsorgan for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
NOKUTs oppgåver som uavhengig forvaltningsorgan er
- å akkreditere og føre tilsyn med studietilbod, fagområde og institusjonar
- å føre tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane
- å evaluere utdanningar for å kunne bedømme kvaliteten
- å hjelpe institusjonane i kvalitetsarbeida deira og stimulere til kvalitetsutvikling
NOKUTs oppgåver som er delegerte frå Kunnskapsdepartementet, omfattar
- regelverksforvaltning
- nasjonale undersøkingar og eksamenar
- økonomisk tilsyn ved private institusjonar og studentsamskipnadar og dessutan kontrolloppgåver ved statlege institusjonar og verksemder
NOKUTs samfunnsoppdrag kan beskrivast igjennom tre roller:
- Styresmaktsrolla – NOKUT forvaltar regelverk og utøver styresmakt igjennom å akkreditere og føre tilsyn med norsk utdanning. Styresmaktsrolla er NOKUTs kjernerolle og er fundamentet for utøvinga av dei andre rollene.
- Kunnskapsrolla – NOKUT frambringer, samanliknar, analyserer og formidlar kunnskap om kvalitetstilstanden i norsk høgare utdanning og norsk høgare yrkesfagleg utdanning.
- Pådrivarrolla – NOKUT er pådrivar for kvalitet i utdanning. Pådrivarrolla handlar om å bruke kunnskapen vi frambringer, til å setje kvalitetsutfordringar, gode praksisar og andre viktige tema på dagsorden og å gi fagpolitiske råd.
NOKUTs samfunnsoppdrag, oppgåver og faglege sjølvstende er definert i universitets- og høgskulelova og nærare spesifisert i forskrifter.
NOKUT blir leia av administrerande direktør Kristin Vinje, og styret er øvste avgjerdsorgan. Vi har rundt 100 tilsette og held til på Lysaker. Arbeidet vårt skal vere prega av verdiane etterretteleg, imøtekomande og nytenkjande.
Les meir om NOKUTs mål og verkemiddel, og korleis vi prioriterer ressursane våre i NOKUTs strategi for 2023–2030.