Viktig kunnskap for utviklinga av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) utgjer rammeverket for alle formelle utdanningskvalifikasjonar i Noreg. Det er dette rammeverket som fastsett nivået utdanningane skal liggje på og som gjev standardar for korleis institusjonane skal utforme læringsutbytet for utdanningane sine. I ein ny rapport, laga på oppdrag frå NOKUT, har ein sett på korleis ein kan endre NKR for å betre integrere høgare yrkesfagleg utdanning.
Det har heilt sidan innføringa av NKR i Noreg vore føresett at det skal gjennom ei større evaluering. Endringane i fagskulelova, som mellom anna gjer at det no er høgare yrkesfagleg utdanning og i somme tilfelle kan vare i tre år, har samstundes gjort det svært aktuelt å sjå nærmare på kvalifikasjonsrammeverket. På denne bakgrunnen har ei slik evaluering også vore etterspurt av både stortinget og arbeidslivspartane.
Fagskuleutdanningane er i dag innplassert på nivå 5, samstundes som nivåa 6–8 er reservert for høgare utdanning.
– Slik rammeverket er i dag, kan ikkje fagskulane tilby utdanning på same nivå som høgare utdanning. Det er likevel grunn til å tru at det er behov for å kunne tilby fagskoleutdanning på høgare nivå enn i dag. Vi ser mellom anna at partane i arbeidslivet etterspør det, og regjeringas satsing på kompetanse og livslang læring gjer diskusjonen om fagskulars posisjon svært aktuell, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Rapporten er no overlevert til Kunnskapsdepartementet.
Kunnskapsgrunnlag for ei større evaluering
Rapporten, som er utarbeidd av Faugert & Co Utvärderingar, har undersøkt moglege modellar for parallelle nivåskildringar på nivåa 6–8 og for å gjere meir NKR meir inkluderande også på dei øvste nivåa. I rapporten trekk dei fram positive og negative sider ved ulike måtar å endre rammeverket på. Mellom annet peikar dei på at ei opning for fagskuleutdanningar på høgare nivå vil kunne bidra til at yrke får større anerkjenning i samfunnet og på arbeidsmarknaden fordi kompetansenivået vil speglast betre i dag. Det vil òg kunne bidra til auka kvalitet ved å leggje til rette for meir avanserte og meir spissa utdanningar.
Samstundes trekk forfattarane fram at det kan føre til ei uønskt akademisering av fagskuleutdanningane. Dette kan skje dersom fagskulane opplever at dei må ha meir teoribaserte og forskingstilknytta utdanningar for å få akkreditert dei på eit høgare nivå.
Kunnskapsdepartementet har bedd NOKUT utarbeide eit forslag for ei større evaluering.
– Det er mange interessante problemstillingar som kjem fram i denne rapporten. Dette er eit viktig innspel til den varsla evalueringa, og vi kjem til å følgje det opp. Her vil vi kunne få endå meir kunnskap om korleis NKR fungerer i dag, og kva som står i vegen for vidare utvikling, seier Vinje.
Skisserer to moglege modellar
I rapporten skisserer forfattarane to moglege strukturar, som dei omtalar som "paraplystruktur" og "parallellstruktur". Med ein parallellstruktur ser dei for seg to parallelle søyler i NKR, ei for høgare utdanning og ei for fagutdanning, som har skildringar av læringsutbytet som er avhengig av type utdanning ein tar. Men forfattarane har også tatt for seg ein paraplystruktur der alle typar utdanning kan einast under eitt felles sett nivåskildringar, uavhengig av typen institusjon læringa skjer på.
– Dette er nye og spennande tankar om NKR. Rapporten viser at vi kan løyse dette på fleire måtar, noko som er positivt. Forfattarane av rapporten har sett på korleis kvalifikasjonsrammeverka er strukturert i andre land vi kan samanlikne oss med, og vi meiner det er avgjerande å trekkje på erfaringane som andre land har gjort seg i utviklinga av sine system. Dette vil forhåpentlegvis gje grunnlaget for fleire interessante diskusjonar om NKR i tida som kjem, avsluttar Vinje.
Les rapporten Utredning om mulig parallell struktur i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (pdf)