Tre fagskular med nye akkrediterte fagområde
NOKUTs styre vedtok i dag å akkreditere fagområdet helse ved Fagskolen i Østfold, kommersiell scenekunst – tolking og formidling ved Bårdar Akademiet og bygg- og anleggsteknikk ved Fagskolen Innlandet.
– Vi gratulerer fagskulane med dei nye akkrediteringane. No er det seks akkrediterte fagområde her i landet. Med ei akkreditering for fagområde får fagskulen fullmakter til å opprette og endre studietilbod innan fagområdet utan å søkje NOKUT. Vi ønskjer at fleire fagskular skal bli rusta til å få eit slikt ansvar, seier NOKUTs direktør Terje Mørland.
For å få akkreditering for eit fagområde er det viktig at fagskulen innan dette området har eit kompetent fagmiljø og eit godt samarbeid med yrkesfeltet. Fagskulen må også ha gode ordningar for å kvalitetssikre og vidareutvikle studietilboda.
Akkreditering av eit fagområde er mykje likt ei institusjonsakkreditering for høgskulane. Både fagskulen og høgskulen får ved ei slik akkreditering fullmakt til sjølv å opprette utdanningstilbod utan å søkje NOKUT.
Tilsynsrapportane
- Bårdar Akademiet: kommersiell scenekunst – tolkning og formidling
- Fagskolen Innlandet: bygg- og anleggsteknikk
- Fagskolen i Østfold: helse
Fakta: Fagområdeakkreditering
Ein sakkunnig komité, vald av NOKUT, vurderer om fagskulen oppfyller krava til akkreditering for fagområde i fagskulelova, studiekvalitetsforskrifta og fagskuletilsynsforskrifta. Vurderinga blir gjord på grunnlag av skriftleg dokumentasjon og gjesting ved institusjonen.
At ein fagskule har fått akkreditering for eit fagområde, inneber at fagskulen er vurdert til å vere i stand til sjølv å kunne kvalitetssikre studietilboda sine innan dette fagområdet på linje med den kvalitetssikringa NOKUT gjer.
Fagskular med fagområdeakkreditering kan innan dette fagområdet både opprette nye studietilbod og gjere vesentlege endringar i dei tilboda dei allereie har fått akkreditert av NOKUT.
Frå før har desse fagskulane fått akkreditert følgjande fagområde:
- AOF Haugaland: helse og oppvekst
- Ernst G. Mortensens Stiftelse – Høyskolen Kristiania: design, kommunikasjon og teknologi
- Norges grønne fagskole – Vea: grønne design- og miljøfag