Søknader frå flyktningland, spesielt Syria, aukar kraftig

NOKUT tok imot til saman 7 651 søknader om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning i 2016, ein liten auke frå året før. Den største endringa i 2016 er den store auken i talet på søkjarar frå Syria. Topp tre på søknadstoppen er no Polen, Syria og Litauen.

Til saman tok NOKUT i mot 871 søknader om godkjenning av høgare utdanning tatt ved syriske utdanningsinstitusjonar i 2016. Det er meir enn ei dobling frå 2015.

– Berekningane våre tilseier at vi vil ta i mot eit enda høgare tal på søkjarar frå Syria og andre flyktningland i løpet av 2017, slik at den totale mengda søknader kan kome opp mot 9 000. Denne auken gjer at vi dessverre må utsetje å starte opp nye tenester som kvalifikasjonsvurdering for flyktningar og ny godkjenning av fagskuleutdanning. Vi må også redusere ambisjonsnivået for utvidinga av godkjenningsordninga for fag- og yrkesopplæring, seier direktør i NOKUT Terje Mørland. Han fortset:

– Flyktningar ser ut til å søkje NOKUT først etter at dei har vore i Noreg ei tid, slik at vi kan forvente ein auke i talet på søknader i framover.

Nye utrekningar til KD: Auke på mellom 11 og 18 pst.

NOKUT har sendt Kunnskapsdepartementet utrekningar for søknadsvolumet for 2017. Dei nye utrekningane tilseier at det vil kome ein stad mellom 8 500 og 9 000 søknader i 2017, ein auke på mellom 11 % og 18 % frå 2016. Den forventa auken i talet på søkjarar vil skape utfordringar for NOKUTs kapasitet og sakshandsamingstid. Søknader frå typiske flyktningland som Syria er langt meir tidkrevjande å sakshandsame enn søknader frå meir tradisjonelle arbeidsinnvandringsland. Dette skuldast at kvalifikasjonane er kompliserte og at verifisering  i mange tilfelle tek lang tid hos utdanningsmyndigheitene i landa.

Topp tre: Polen, Syria og Litauen

Oppsummeringa for 2016 viser at Polen framleis er det landet NOKUT får flest søknader om godkjenning av høgare utdanning frå. Nytt av året er at Syria kom på andreplass på lista over topp 10 land som NOKUT får søknader frå, etterfølgt av meir tradisjonelle arbeidsinnvandringsland, som Litauen og Serbia. I tillegg opplevde NOKUT ein auke i søknadar frå andre flyktningland, som Eritrea, Irak og Sudan.

I 2016 fekk NOKUT 7 651 søknader om godkjenning av høgare utdanning frå utlandet. Disse fordelte seg slik etter land:

Topp 10 søkjarland 2016

Land | Tal på søknadar
Polen: 1 083
Syria: 871
Litauen: 586
Serbia: 533
Storbritannia: 445
Filippinane: 411
Russland: 339
India: 339
USA: 276
Romania: 256

Del med andre