Slutt for erfaringsbasert masterstudium i eigedomsutvikling ved NMBU
NOKUT trekkjer tilbake akkrediteringa til det erfaringsbaserte mastergradsstudiet i eigedomsutvikling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Revideringa viste at studietilbodet ikkje oppfyller alle krava i studietilsynsforskrifta. Særleg gjeld dette krava til innhald, nivå og fagmiljø.
– Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har informert oss om at studiet blei lagt ned 1. januar 2018. Då var det ikkje lenger aktive studentar ved studietilbodet. Det at vi no har trekt tilbake akkrediteringa tyder at universitetet må søkje NOKUT om ny akkreditering dersom dei ønskjer å tilby det same studiet igjen, seier NOKUTs tilsynsdirektør Øystein Lund.
NMBU har opplyst at dei vil nytte tilbakemeldingane frå dei sakkunnige i universitetet sitt arbeid med vidareutviklinga av fagfeltet og andre utdanningstilbodet innan eigedomsfag ved universitetet.
Bakgrunn
I 2015 sette NOKUT i gang revidering av det erfaringsbaserte mastergradsstudiet i eigedomsutvikling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. NOKUTs styre behandla rapporten til dei sakkunnig etter revideringa av studietilbodet første gong våren 2017. Universitetet fekk frist til 1. januar 2018 for å levere ei oversikt over utbetringstiltak som dei har sett i gang og planlagt i samsvar med den sakkunnige vurderinga.