Nytt tilsyn ser på kvalitetsarbeidet ved fagskulane
Denne hausten startar NOKUT med periodisk tilsyn av kvalitetsarbeidet til fagskulane. Dette nye verkemiddelet gir ei systematisk oppfølging av fagskulane, på lik linje med høgskular og universitet.
Oppdatert 15.09.20 med informasjonsvideo,
se den i bunnen av saken.
Aldri før har det vore så mange fagskulestudentar i Noreg som det er i dag. For at dei over 18 000 fagskulestudentane i landet skal vere tryggje på at dei får ei god utdanning, er det viktig med effektive tilsyn som sikrar at fagskulane sitt arbeid med å sikre og vidareutvikle kvaliteten på dei utdanningane dei tilbyr er tilfredsstillande. I det nye verkemiddelet blir det lagt stor vekt på vidareutvikling, gjennom dialog, erfaringsdeling og rettleiing.
– I tillegg til å kontrollere ønskjer NOKUT å avdekkje gode praksisar som kan vere til hjelp for utviklingsarbeidet til fagskulane, og å etablere arenaer for erfaringsdeling og rettleiing. Det som står sentralt er at det er fagskulane sjølve som har ansvaret for kvaliteten i dei fagskuleutdanningane dei tilbyr, seier Øystein Lund, konstituert administrerande direktør i NOKUT.
Alle fagskular får tilsyn
Det nye tilsynet startar opp etter eit vellukka pilotprosjekt i 2018–2019, og det er den positive responsen frå dei involverte som gjer at det periodiske tilsynet no blir rulla ut i full skala.
Metoden byggjer på NOKUTs lange erfaring med tilsyn, både innan fagskule og høgare utdanning. Viktige element i tilsynet er tilbakemelding frå eksterne ekspertar, erfaringsdelings- og rettleiingsarbeid i framkant, oppfølging i etterkant, evaluering av effekt samt det å auke kunnskapsgrunnlaget om kvalitetstilstanden i fagskulesektoren.
I løpet av seks til åtte år skal NOKUT gjennomføre periodiske tilsyn som vil dekkje alle fagskulane i sektoren. Den einskilde fagskulen vil bli varsla i god tid i framkant av tilsynet. Les meir om den nye tilsynsprosessen og den tentative planen for utrulling.