Nytt land i NOKUTs landdatabase: Bangladesh
Rundt 200 studentar frå Bangladesh går på norske universitet og høgskular. For å støtte institusjonane i arbeidet med denne studentgruppa har NOKUT no samla informasjon om utdanningssystemet, gradar i Bangladesh og eigen praksis ved vurdering av utdanningar og lagt dette inn i landdatabasen.
– I landdatabasen har vi så langt informasjon om nesten 60 ulike land. Landdatabasen er eit nyttig verktøy for alle som treng informasjon om utdanningssystema i andre land, anten det er enkeltpersonar, arbeidsgivarar eller tilsette på universitet eller høgskular, seier Stig Arne Skjerven, direktør for utanlandsk utdanning i NOKUT.
Landdatabasen er ein viktig del av NOKUTs informasjonsarbeid som nasjonalt ENIC-NARIC kontor.