NOKUT har avslått Høgskolen i Innlandets universitetssøknad
NOKUTs styre har vedteke at universitetssøknaden til Høgskolen i Innlandet (HINN) ikkje blir innvilga. Dette er i tråd med konklusjonen til den sakkunnige komiteen som har vurdert søknaden.
Den sakkunnige komiteen leverte den endelege innstillinga si 29. mai, der han konkluderte med at HINN ikkje oppfyller alle krava for å bli universitet. NOKUTs styre har no behandla innstillinga og fatta vedtak i tråd med konklusjonen til komiteen.
– Den sakkunnige komiteen, administrasjonen og styret har gjort grundige vurderingar. Konklusjonen er at HINN ikkje oppfyller alle dei nødvendige krava for å bli universitet. Det er ei fagleg avgjerd basert på faglege vurderingar, seier NOKUTs administrerande direktør Terje Mørland.
Alle krav må vere oppfylte
For å kunne bli akkreditert som universitet må alle krav i Kunnskapsdepartementets studiekvalitetsforskrift med supplerande føresegner i NOKUTs studietilsynsforskrift vere oppfylte. Krava i forskrifta til departementet er fastsette politisk, mens makta til å gjere dei faglege vurderingane er delegert til NOKUT. Avgjerda til NOKUT kan ikkje overprøvast av departementet.
HINN oppfyller dei fleste krava, men tre av dei er ikkje oppfylte:
- HINN har ikkje tilstrekkeleg mange tilsette med høg fagleg kompetanse sett opp mot talet på studentar som blir tekne opp ved høgskulen. HINN skil seg ut med relativt få vitskapleg tilsette per student samanlikna med både dei nye og dei eldre universiteta i Noreg.
- HINN oppfyller ikkje kravet om stabil forskarutdanning og har ikkje uteksaminert nok ph.d.-kandidatar.
- HINN oppfyller ikkje kravet om stabil utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet. Høgskulen viser ei positiv utvikling når det gjeld satsing på forsking og kvalitet i forskarutdanning, men komiteen vurderer at det er for tidleg å seie om denne utviklinga vil halde seg stabil over tid.
Kan søkje igjen seinare
Vedtaket betyr at HINN framleis vil vere høgskule. Det er likevel ingenting i vegen for at HINN kan søkje på nytt seinare.
– Eg har forståing for at mange kan vere skuffa i dag. HINN har vist at dei har bygt ei god fagleg plattform, og eg håper dei byggjer vidare på henne. Høgskulen er på god veg, men må framleis arbeide vidare med nokre område før han kan bli akkreditert som universitet, avsluttar Mørland.
Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)