No får fleire høve til å søkje om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring
Frå og med tysdag 16. mai vil personar med 15 ulike kvalifikasjonar frå Polen og Tyskland kunne søkje om godkjenning av fag og- yrkesopplæringa si. Ei godkjenning inneber at utdanninga blir vurdert som likestilt med tilsvarande norsk utdanning.
Dei nye kvalifikasjonane er: murar, målar, slaktar, trevaresnikkar, glasfagarbeidar, møbelsnikkar, møbeltapetserar, butikkslaktar, pølsemakar og industrimekanikar.
– Vi er glade for at vi no kan utvide ordninga med godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring med fleire kvalifikasjonar. Dette er ei viktig godkjenningsordning som lenge har vore etterspurt av partane i arbeidslivet. Førebels tek vi berre imot søknader frå Tyskland og Polen. No arbeider vi med neste utviding, som også vil omfatte utvalde kvalifikasjonar frå dei baltiske landa, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.
Fram til no har berre arbeidstakarar med tysk eller polsk opplæring i fag- eller sveinebrev som kjøtskjerar, røyrleggjar, betongfagarbeidar, tømrar og frisør kunna søkje om å få kvalifikasjonane sine godkjende som sidestilte med ei tilsvarande norsk utdanning.
Samarbeider godt med dei faglege råda for fag- og yrkesopplæringa
NOKUT bruker sakkunnige til å gjere den faglege vurderinga av om kvalifikasjonane kan sidestillast med tilsvarande norske kvalifikasjonar. Det er tre sakkunnige som samarbeider om kvar enkelt vurdering. Dei sakkunnige blir foreslått av dei faglege råda for fag- og yrkesopplæringa og blir valde av NOKUT for ein periode på to år.
Erfaringar med godkjenningsordninga så langt
NOKUT har fått inn over 300 søknader sidan godkjenningsordninga for fag- og yrkesopplæring blei oppretta i midten av november 2016. Dette har i skrivande stund ført til 130 avvisingar, 34 avslag og 36 positive vedtak. Hovudårsakene til avvisingane er at søkjaren har feil kvalifikasjon, kjem frå feil land eller søknadene har mangelfull dokumentasjon. Sakshandsamingstida ligg på rundt éin månad. Hovudvekta av søkjarane kjem frå Polen og dei fleste søkjer om godkjenning som røyrleggjar eller tømrar.
Les meir om godkjenningsordningen for utenlandsk fag- og yrkesopplæring