No kan høgskulane søkje om akkrediteringar på nett
NOKUT har lansert ei ny digital teneste for søknader frå høgskular om nye bachelor- og masterprogram. Den nye tenesta gir betre samordning, effektivisering og kvalitet i søknadsprosessane.
– Dette er første skritt i digitaliseringa vår av tenester retta mot universitet og høgskular. Digitaliseringa skal både gjere det enklare for høgskulane å søkje og saksbehandlinga i NOKUT skal bli meir effektiv. På sikt ønskjer vi å bruke den digitale plattforma og i tilsynsprosessane våre, seier tilsynsdirektør i NOKUT Øystein Lund.
Søknadene sendast inn via NOKUTs institusjonsportal. Frå før har fagskulane kunna sende inn søknader om godkjenning eller endring av studietilbod.
– At skjemaa i søkjeportalen er lette å bruke og forstå, har vore viktig i utviklingsarbeidet vårt. Hjelpetekstar og lenker til rettleiaren skal hjelpe høgskulane gjennom søknaden. Høgskulane treng no og berre å leggje inn standardinformasjon ved første søknad. Dette blir gjenbrukt ved seinare søknader, forklarer tilsynsdirektøren.
Gjenbruk av data og betre oversikt
– Høgskulane kan og sjølve sjå historikken i søknadene sine, og etter kvart vil dei og kunne få tilgang til alle pågåande og gamle søknader til NOKUT, forklarer Lund.
På sikt skal høgskulane gjennom portalen ha full oversikt og lett tilgang til NOKUTs akkrediteringsprosessar og planlagde tilsynsaktivitetar.
– Eitt av måla våre er at både vi og institusjonane skal få ei betre oversikt over løpande aktivitetar og historikk. Dette skjer blant anna gjennom å utvikle gode databasar, som igjen blir ein grunnmur for vidare utvikling av tenester, avsluttar han.
Les meir om NOKUTs akkrediteringsarbeid