No kan du lese heile rapporten

I dag slepp vi rapporten om nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi i sjukepleiarutdanninga som blei gjennomført 18. desember 2017.

Dette var tredje og siste eksamenen i pilotprosjektet for sjukepleiarutdanninga. NOKUT har tidlegare publisert hovudfunna frå eksamen. No kan du lese detaljerte funn frå eksamen.

I september 2017 fastsette Kunnskapsdepartementet at nasjonale deleksamenar skal vidareførast, no som ei permanent ordning, i første omgang innanfor dei same fagområda og profesjonsutdanningane som har delteke i pilotprosjektet. Det inneber at eksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi skal fortsetje som ein nasjonal eksamen inntil vidare.

Les rapporten Nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi for sykepleierutdanningen (pdf)

Les meir om nasjonal deleksamen

Del med andre