Kor fornøgde er fagskulestudentane med kvaliteten på utdanninga si?
Det vil NOKUT finne ut av når vi for første gong sender ut ei undersøking om studiekvalitet til cirka 13 500 fagskulestudentar på 78 fagskular i heile Noreg.
– No får og fagskulane sitt Studiebarometer og vi ser fram til å få høyre stemma til fagskulestudenten. For at kvaliteten på resultata skal bli best mogeleg, håper vi alle fagskulestudentane som tek i mot undersøkinga svarer, seier Ole-Jacob Skodvin, analysedirektør i NOKUT.
Undersøkinga skal brukast av fagskulane i det løpande kvalitetsarbeidet deira
Eit viktig mål med undersøkinga er å gi fagskulane nyttig informasjon som dei kan bruke i det interne kvalitetsarbeidet sitt, men og å utvikle ein kunnskapsbase som NOKUT og andre myndigheiter kan bruke for å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling i fagskulesektoren. Resultat frå undersøkinga blir publiserte på www.studiebarometeret.no i løpet av hausten 2018.
Fakta om Studiebarometeret for fagskulestudentar
Cirka 13 500 fagskulestudentar på 544 utdanningstilbod og 78 fagskular inngår i undersøkinga. Undersøkinga skjer i tidsrommet 10. april til 2. mai 2018. NOKUT gjennomfører Studiebarometeret for fagskulestudentar på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Her finn du meir informasjon om Studiebarometeret for fagskulestudentar og andre undersøkingar som NOKUT gjennomfører.
Kva er ei fagskuleutdanning?
Ei fagskuleutdanning byggjer på vidaregåande utdanning, eller tilsvarande erfaring, og blir kjenneteikna ved at den:
- er yrkesretta
- gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring
- varer mellom eitt halvt til to år
De største fagskulestudia er innan tekniske fag og helsefagutdanningar. Sjekk oversikt over godkjente fagskuletilbod.