Høgskolen i Innlandet med ny doktorgrad
NOKUT vedtok i dag å akkreditere doktorgraden i anvend økologi og bioteknologi ved Høgskolen i Innlandet. Dette er ei utviding av doktorgraden i anvend økologi høgskulen hadde tidlegare og er den femte doktorgraden til høgskulen.
– Vi gratulerer Høgskolen i Innlandet med utvidinga av doktorgraden i anvend økologi og bioteknologi. Den tette koplinga til næringslivet er ein klar styrke ved denne doktorgraden. Med denne akkrediteringa får høgskulen faglege fullmakter til å etablere masterstudium innan dette fagområdet, seier NOKUTs direktør Terje Mørland.
Studieprogrammet har to spesialiseringar: anvend økologi og bioteknologi.
– Den sakkunnige komitéen vurderer læringsutbyttet, omtalen av fagområdet og dei to spesialiseringane som heilskaplege og dekkjande for doktorgradprogrammet og den kompetansen dei to fagmiljøa har. Komitéen kjem også med punkt for utvikling som vi reknar med at høgskulen vil følgje opp, utdjupar Mørland.