Flest søknadar frå Syria i 2017
NOKUT tok totalt i mot 8613 søknadar om godkjenning av høgare utdanning i 2017. Dette er ein auke på 12 prosent frå 2016. Topp tre på søknadstoppen er no Syria, Polen og Storbritannia.
Søknadar frå Syria og Storbritannia har auka mest i 2017
Talet på søkjarar om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning frå både Syria og Storbritannia auka med 25 prosent frå 2016 til 2017.
– Sjølv om den store straumen av flyktningar frå Syria har minka, så tek det tid før dei søkjer oss om godkjenning. Dette forklarer kvifor Syria ligg på topp. I tillegg ser vi ein auke i mengda søkjarar frå land der det tradisjonelt er høg arbeidsinnvandring og der det er mange norske utanlandsstudentar. Dette gjeld blant anna Storbritannia og USA, seier Stig Arne Skjerven, direktør for utanlandsk utdanning i NOKUT.
NOKUT forventar også ein auke i søknadsmengda i 2018. Prognosane våre legg opp til like mange søkjarar med kvalifikasjonar frå Syria som i fjor, samtidig som vi forventar at talet på søkjarar frå tradisjonelle land med høg arbeidsinnvandring, som Polen, Storbritannia og Litauen, vil fortsetje å auke.
Det blir søkt om godkjenning av flest utdanningar tatt i europeiske land
Over 60 prosent av dei som søkjer om godkjenning kjem frå europeiske land, og dei austeuropeiske landa er klart i fleirtal blant desse.
– Hovudårsaka til dette er arbeidsinnvandring, seier Skjerven. – Rundt 20 prosent av søknadsmengda kjem frå typiske flyktningland, som Syria, Irak, Eritrea, Etiopia og Iran.
Topp 10 søkjarland*
- Syria: 1 093
- Polen: 1 038
- Storbritannia: 684
- Litauen; 554
- Serbia: 547
- India: 515
- Filippinane: 480
- USA: 374
- Russland: 291
- Ukraina: 270
* Det landet der utdanninga blei tatt.