Flest røyrleggjarar og trevaresnikkarar frå Polen har fått godkjenning
Sidan november 2016 har NOKUT motteke 1 000 søknader om godkjenning for fag- og yrkesopplæringar frå utlandet. Av dei som fekk godkjenning, ligg røyrleggjarar og trevaresnikkarar frå Polen på topp.
– Det er flott at så mange har søkt om å få fag- og yrkesopplæringa si godkjent. Personar med ein godkjent kvalifikasjon står sterkare i arbeidslivet, samtidig som arbeidsgivarar kan vere tryggje på det faglege innhaldet i kvalifikasjonen, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.
Godkjenningsordninga for utanlandsk fag- og yrkesopplæring blei etablert i november 2016 og omfattar no fem land. Ordninga starta med Polen og Tyskland og blei i november 2017 utvida med dei tre baltiske landa Litauen, Estland og Latvia. 15 ulike yrkeskvalifikasjonar kan godkjennast i ordninga. Ordninga skal gradvis utvidast til å gjelde nye land og kvalifikasjonar.
Utanlandske kvalifikasjonar som er godkjente så langt
- 90 røyrleggjarar
- 87 trevaresnikkarar
- 24 tømrarar
- 25 murarar
- 17 kjøttskjerarar
- 15 møbelsnikkarar
- 9 frisørar
- 7 slaktarar
- 7 betongfagarbeidarar
- 2 industrimekanikarar
- 1 pølsemakar
- 1 butikkslaktar
– 285 kvalifikasjonar er så langt blitt godkjente som sidestilte med norske fag- og sveinebrev. I gjennomsnitt tek det rundt to månader å behandle ein søknad, seier sjef for fagutdanningsseksjonen Silje Molander.
Nyttig samarbeid med partane i arbeidslivet
– Partane i arbeidslivet har ei sentral rolle i denne godkjenningsordninga. For det første var rolla deira avgjerande for å få etablert ordninga. Vidare har dei ei viktig rolle i arbeidet med å foreslå sakkunnige som kan vurdere det faglege innhaldet av ein utanlandsk yrkeskvalifikasjon, opplyser Molander.
Fakta
Søknaden går gjennom to ledd:
- NOKUT vurderer fyrst den formelle statusen til kvalifikasjonen i heimlandet, kven som er ansvarleg styresmakt for opplæringa og kven som gir ut (utsteder) dokumentasjonen. Lengda på opplæringa, mengda med praktisk opplæring og om opplæringa er på nivå tilsvarande norsk fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå blir vurdert. Her kan NOKUT avvise søknadene.
- Dei sakkunnige gjer ei fagleg vurdering av innhaldet i kvalifikasjonen, og dei ser på dugleikar og kompetanse som blir oppnådd samanlikna med norsk fag- og yrkesopplæring. Søknadene blir her anten godkjende eller avslåtte. Eit positivt vedtak inneber at kvalifikasjonen blir sidestilt med tilsvarande norsk kvalifikasjon innan gitt fag- og yrkesopplæring.
Søkjarar som får avslag, får ei fagleg grunngiving på kvifor kvalifikasjonen ikkje kan sidestillast med tilsvarande norsk kvalifikasjon.
Les meir om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring.