Fagskolen Vestfold og Telemark må leggje ned utdanningstilbod
NOKUT trekkjer akkrediteringa for utdanningane bygg (nettbasert) og maskinteknikk (stadbasert). Grunnen er at fleire punkt i fagskuletilsynsforskrifta ikkje er oppfylte.
Mangelfulle studieplanar og behov for endringar i eksamens- og vurderingsordningane til dei aktuelle studia, er bakgrunnen for at skulen må leggje ned dei to utdanningane.
Fekk frist til mars 2020
NOKUT sette i verk tilsyn med utdanningane i 2018. I tilsynet blei det avdekt at daverande Fagskolen Telemark ikkje oppfylte alle krava i fagskuletilsynsforskrifta. I september 2019 vedtok NOKUTs styre at fleire krav i lovverket ikkje var oppfylte, og fagskulen fekk frist til mars 2020 for å rette opp i manglane.
Ifølgje dei sakkunnige er ikkje alle manglane utbetra, og i tilsynsrapporten deira er konklusjonen at fagskulen bryt regelverket på desse punkta.
– Fagskulen må no setje inn tiltak som gjer det mogeleg for studentane å fullføre den utdanninga dei har byrja på. Desse tiltaka skal godkjennast av NOKUT, seier Øystein Lund, konstituert administrerande direktør i NOKUT.
Om Fagskolen Vestfold og Telemark
1. januar 2020 fusjonerte Fagskolen Telemark og Fagskolen i Vestfold. Skulen har studiestad i Horten og Porsgrunn. Fagskulen er offentleg og tilbyr 13 utdanningar, både som nettbaserte utdanningar med samlingar og som stadbaserte utdanningar.