Fagskolen Kristiania med historisk fagområdeakkreditering
Som den fyrste fagskulen i landet, har Fagskolen Kristiania i dag fått akkrediteringsrett på sitt tredje fagområde; økonomi og administrasjon.
Fagskulen kan dermed sjølv akkreditere og gjere vesentlege endringar i fagskuleutdanningar innan dette fagområdet. Ein verdifull fleksibilitet, seier NOKUTs direktør Terje Mørland.
– Ein slik akkrediteringsrett er viktig for at fagskulane raskare kan omstille seg og kunne tilby relevante studium på tvers av etablerte fag- og yrkesfelt og møte nye behov i arbeidsmarknaden. Derfor er det berre å gratulere Fagskolen Kristiania med si tredje fagområdeakkreditering, seier Terje Mørland.
Den sakkunnige komiteen som har vurdert søknaden, trekkjer fram at fagskulen på dette fagområdet har fagmiljø som har både høg kompetanse og god forankring i yrkesfeltet.
Med dagens vedtak blir Fagskolen Kristiania den fyrste fagskulen i Noreg med tre fagområdeakkrediteringar. Desse tre dekkjer stort sett heile studieporteføljen ved fagskulen og gir dei høve til tverrfaglege, arbeidslivsrelevante studium på tvers av fag- og yrkesfelt.
Fagskolen Kristiania har frå før akkreditering for fagområda design, kommunikasjon og teknologi og helse og oppvekst og blir den fyrste i landet med akkreditering for fagområdet økonomi og administrasjon.
Kva er akkreditering for fagområde?
Fagskular som oppfyller bestemte vilkår, kan søkje akkreditering for eit fagområde og slik få fullmakt til sjølv å akkreditere og gjere vesentlege endringar i fagskuleutdanningar innan dette fagområdet. Ein sakkunnig komité, vald av NOKUT, vurderer om fagområdet ved fagskulen tilfredsstiller dei faglege krava i fagskulelova, studiekvalitetsforskrifta og fagskuletilsynsforskrifta. Alle krav må vere oppfylte for at NOKUT kan fatte vedtak om akkreditering.
Fram til no har åtte fagskular oppnådd fagområdeakkrediteringar (tal i parentes). Desse er:
- AOF Haugaland
- Bårdar Akademiet
- Fagskolen i Østfold (2)
- Fagskolen Innlandet
- Fagskolen Kristiania (3)
- Fagskolen Tinius Olsen
- Norges grønne fagskole – Vea
- Studieforbundet AOF Norge
NOKUT behandlar for tida fem andre søknader om fagområdeakkreditering frå fire ulike fagskular.