Fagskolen Innlandet har fått si andre fagområdeakkreditering
Godt samarbeid med lokale teknologibedrifter var ei av årsakene til at fagskolen no kan smykke seg med si andre fagområdeakkreditering.
I dag vart det klart at NOKUT akkrediterer Fagskolen Innlandet for fagområde teknologifag. Det betyr at Fagskolen Innlandet kan opprette nye utdanningar innanfor dei fleste fagfelta som byggjer på utdanningsprogramma elektrofag og teknikk og industriell produksjon (TIP) i vidaregåande opplæring.
– Komiteen trekkjer fram at fagskolen har eit godt samarbeid med dei mange teknologibedriftene i regionen. Den nye fagområdeakkrediteringa vil styrkje fagskolen si moglegheit til raskt å opprette utdanningar som desse bedriftene treng, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Endra søknadsbehandling
På grunn av reise- og forsamlingsrestriksjonar i samband med koronavirusutbrotet måtte ein gjennomføre institusjonsbesøket, som inngår som ein del av søknadsbehandlinga, på ein ny måte. Alle intervju vart gjorde digitalt. I tillegg gjennomførte delar av komiteen synfaring i lokala til fagskolen. Lokala stod fram som gode og føremålstenlege, og fagskolen sin tilgang til nyttig utstyr og lokale i Læringsfabrikken på Raufoss blir trekt fram som positivt i rapporten.
Fagskolen Innlandet fekk si første fagområdeakkreditering, for fagområdet bygg- og anleggsteknikk, i 2018.
Oppfordrar til å søkje fagområdeakkreditering
Dei siste åra har stadig fleire fagskolar søkt om fagområdeakkreditering. Slike akkrediteringar gjev fagskolane rett til sjølv å opprette utdanningar innan dei aktuelle fagområda. Dermed sparar fagskolane tid og ressursar på søknader for kvar utdanning dei ønskjer å opprette.
NOKUT-direktør Kristin Vinje håpar fleire fagskolar med sterke fagmiljø tek i bruk moglegheitene som ligg i ei fagområdeakkreditering.
– Det ligger i naturen til fagskolane å vere tett knytte til behova i arbeidslivet, og med ei fagområdeakkreditering har fagskolen vist at dei har eit solid fagmiljø som er i stand til sjølv å etablere utdanningar som er tilpassa næringslivet sine behov. Ei fagområdeakkreditering vil seie at kompetanse og rutinar er på plass og er eit kvalitetsstempel frå NOKUT. Det gjer at ein kan ha tillit til at fagområdet er av god kvalitet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.