Fagskolen i Troms beheld godkjenninga for sveiseteknikkutdanninga
Fagskolen i Troms beheld godkjenninga for den nettbaserte utdanninga i sveiseteknikk, men NOKUT vil følgje opp både skulen og utdanninga vidare for å sikre at planane blir følgde. Det er konklusjonen etter at revideringa er behandla i NOKUTs styre i dag.
Den sakkunnige komitéen fann i revideringa ei rekkje manglar med studieopplegget. Det var for lita oppfølging av studentane mellom samlingane, og undervisningspersonale mangla nettpedagogisk kompetanse. Omtalen av utdanninga i studieplanen blei vurdert som svært mangelfull. NOKUT fann og manglar i formalia som styrevedtekter, forskrift, klagenemnd og rundt system for kvalitetssikring.
Samtidig var dei sakkunnige tydelege på at det er høg sveiseteknisk kompetanse i fagmiljøet og at det er god infrastruktur med flotte laboratorium. Komitéen viste og til at fagskuleutdanninga kvalifiserer til å gå opp til eksamen for å få IWT-diplom.
– Fagskulen har gripe fatt i dei største utfordringane med studieopplegget. Dei har utvikla nettbaserte læringsaktivitetar mellom samlingane og er i gang med å utvikle nettpedagogisk kompetanse blant undervisningspersonalet. Vi vil følgje med på at nettkompetansen kjem på plass slik den er planlagd og at fagskulen og set dei andre planane ut i livet, seier NOKUTs tilsynsdirektør Øystein Lund.
NOKUT vil følgje opp heile Fagskolen i Troms
Fagskolen i Troms tilbyr fagskuleutdanningar ved tre studiestader. Dei fleste utdanningane er nettbaserte med samlingar. Den varsla oppfølginga etter revideringa av sveisteknikk vil gjelde alle fagskuleutdanningar ved Fagskolen i Troms.
Tilsynsdirektøren opplyser at fagskulen får ein frist på eitt år før dei må levere NOKUT ny dokumentasjon.
– Fagskulen må då kunne dokumentere at planane er blitt følgt opp, det vil seie at studieplanar, fagmiljø og læringsaktivitetar for alle dei nettbaserte utdanningane er kvalitetssikra på same måte som sveiseteknikk. Dei må også kunne dokumentere at kvalitetssikringssystemet fungerer for alle fagskuleutdanningane og at styret tek det ansvaret dei er pålagde i lova, avsluttar Lund.
Les rapporten fra revideringen (pdf)