Eitt steig nærmare universitetsstatus for Høgskulen i Søraust-Noreg
Den sakkunnige komitéen som har vurdert universitetssøknaden til Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN), tilrår at høgskulen skal få status som universitet.
HSN leverte søknad om universitetsakkreditering 2. mars 2017. Dei leverte ytterlege dokumentasjon, blant anna om fleirecampusorganiseringa si, i januar 2018.
Rapporten er no formelt levert til NOKUT for vidare behandling og sendt HSN for fråsegn. HSN har inntil seks veker på å gi tilbakemelding. Etter det vil saka gå til avgjerd i NOKUTs styre. Neste styremøte i NOKUT er 26. april.