Berit Kjeldstad tildelt NOKUTs ærespris
Professor og tidlegare prorektor ved NTNU Berit Kjeldstad er tildelt NOKUTs fyrste ærespris for den iherdige innsatsen hennar for å sikre og utvikle kvaliteten i utdanninga dei siste 15 åra. Ho tok imot prisen på NOKUTs Utdanningsfest 30. januar.
– Eg gratulerer Berit Kjeldstad med ein velfortent ærespris. Ho har eit stort hjarte for god utdanning og har vigd det profesjonelle livet sitt til å gjere utdanninga til studentane betre. Innsatsen hennar har vore eit viktig bidrag til å føre utdanning ut av forskingsskuggen og gitt undervisning eit prestisjelyft, både ved NTNU og nasjonalt, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.
– Kjeldstad har vore ein pådrivar for utdanningskvalitet, utdanningsleiing, innovasjon og heilskapleg tenking i ein lang periode. Som prorektor spelte ho ei avgjerande rolle for å lyfte arbeidet med utdanningskvalitet ved NTNU, samtidig som ho har vore sentral på nasjonalt nivå i ulike utval og komitear. Då ho gav seg som prorektor, fortsette ho som leier av NTNUs avdeling for utdanningskvalitet, som rapporterer til ny prorektor. Innsatsen hennar inspirerer, avsluttar Mørland.
Berit Kjeldstad var prorektor for utdanning ved NTNU i to 4-årsperiodar frå 2009 til 2017. Som prorektor arbeidde ho spesielt med å utvikle utdanningsleiing ved institusjonen. Under leiinga hennar har det blitt satsa på innovative undervisningsformer, merittering av utdanning, auka bruk av digitale verktøy og fleksibel undervisning.
Som prorektor bygde Kjeldstad opp og lanserte NTNUs toppundervisningsprogram, ei heilskapleg satsing for utdanning av høg, internasjonal kvalitet. Målet er å styrkje og synleggjere undervisningskompetanse og medverke til auka læringsutbytte hos studentane. Satsinga har blant anna leia fram til to Senter for framifrå utdanning der NTNU er vertsinstitusjon, Engage og Excited.
Kjeldstad har òg vore sentral i utviklinga av SFU-ordninga som verktøy for auka kvalitet i utdanninga, ikkje berre på institusjonelt nivå, men også på nasjonalt nivå - mellom anna gjennom arbeidet i Universitets- og høgskulerådet. Ekspertisen og kunnskapen hennar er etterspurd både nasjonalt og internasjonalt.
Om NOKUTs ærespris
NOKUT deler ut æresprisen til ein enkeltperson som har gjort ein særleg innsats for å sikre og utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning i den perioden NOKUT har eksistert. Tildelinga skjer i høve at NOKUT i 2018 var 15 år. Personen må ha gjort ein særleg innsats utover eige fagmiljø og eigen institusjon for å synleggjere, sikre og/eller utvikle kvaliteten i høgare utdanning. Æresprisen kjem i form av eit diplom og trykket "Visdom" av Kith Mjøen.
Juryen har bestått av styreleiar i NOKUT, Lise Iversen Kulbrandstad, tidlegare styreleiarar i NOKUT, Borghild Barth-Heyerdahl Roald og Petter Aaslestad, og NOKUT-direktør Terje Mørland.