Trafikkflygarutdanningane til Luftfartsskolen framleis godkjent fagskuleutdanning

NOKUT har vedtatt at fagskuleutdanningane trafikkflygar fly og trafikkflygar helikopter ved Luftfartsskolen AS ikkje skal trekkast tilbake.

– Ved revideringa i 2014 avdekte NOKUT ein del manglar ved Luftfartsskolens fagskuleutdanningar av trafikkflygarar for fly og helikopter. Skulen har no retta opp desse punkta og vi har derfor vedtatt at utdanningane framleis er godkjente fagskuleutdanningar. Vi vil følgje med på om dei nye samarbeida fungerer tilfredsstillande over tid, seier NOKUTs tilsynsdirektør, Øystein Lund. 

Eit sentralt tema i revideringa var at Luftfartsskolen ikkje dokumenterte at dei kunne ta ansvaret for alle delar av utdanningane. Luftfartsskolen har no oppretta felles selskap med Scandinavian Aviation Academy (SAA) og inngått ein samarbeidsavtale med Helikopterdrift Invest AS. Drifta er flytta til Kjeller flyplass og teori og praktisk flyging for begge utdanningane blir no gitt på same stad. Dette skal gjere det lettare for Luftfartsskolen å gi god oppfølging av studentane.

Skulle nokre av samarbeidsavtalane og/eller godkjenningane frå luftfartsstyresmaktene falle bort, og Luftfartsskolen ikkje sjølv ha oppnådd godkjenning frå luftfartsstyresmaktene for dei aktuelle delane av utdanningane, vil fagskulegodkjenninga bli trekt tilbake. Luftfartsskolen må då leggje fram ein plan på korleis studentane kan få fullføre fagskuleutdanninga si på anna vis.

Oppfyller krava i fagskoletilsynsforskriften

Luftfartsskolen må både tilfredsstille NOKUTs krav etter fagskoleloven med forskrift, i tillegg til Luftfartstilsynets krav som følgjer av felles europeisk regelverk, om utdanning og sertifisering av besetningsmedlemer nedfelt i European Aviation Safety Agency (EASA). Den sakkunnige komiteen har ikkje avdekt at dei to regelverka er motstridande.

Del med andre