Nord universitet får tid til å omstille seg
Nord universitet har utfordringar med å oppnå kvalitet på linje med samanliknbare universitet og med å oppfylle Kunnskapsdepartementets nye og strengare krav til universitetsstatus, viser NOKUTs innleiande tilsyn av universitetsstatusen. NOKUT gir no universitetet høve til å betre dette.
– Universitetet har vore gjennom ein stor omstillingsprosess. Eit heilskapleg systematisk kvalitetsarbeid ved institusjonen er ikkje på plass enno. Vi varslar derfor om eit tilsyn i 2018 av dette systematiske kvalitetsarbeidet. Vi følgjer dermed rådet til dei sakkunnige om å vente med ei revidering av universitetsstatusen, seier NOKUTs direktør Terje Mørland.
Tilsynet som no blir varsla er ein del av den periodiske oppfølginga av Nord universitet.
– Nord universitet var allereie på lista over institusjonar som NOKUT skulle føre tilsyn med i 2018. Resultata frå tilsynet med det systematiske kvalitetsarbeidet vil så avgjere om det er behov for å gjennomføre ei revidering av deira akkreditering som universitet, forklarar Mørland.
Må sluttføre prosessane
Gjennom førebuingane av arbeidet med ny strategi og organisasjonsmodell har Nord universitet vist evne til å finne konstruktive og samlande løysingar så langt.
– Nord universitet får no tid til å sluttføre prosessane dei har begynt på for å samle dei fusjonerte einingane og å vidareutvikle seg til eit heilskapleg universitet på eit tilfredsstillande nivå. Vi forventar å få god dokumentasjon på resultata av prosessane allereie gjennom tilsynet med det systematiske kvalitetsarbeidet, seier han.
Mørland har samstundes eit bodskap til andre fusjonerande institusjonar:
– Strukturprosessane i høgre utdanning er satt i gang med eit mål om å styrke kvaliteten ved institusjonane. Det er likevel ikkje slik at ein fusjon automatisk bidrar til betre kvalitet. Det er bakgrunnen for at vi sette i gang eit innleiande tilsyn ved Nord universitet. NOKUT føljer difor nøye med på dei institusjonane som no har fusjonert eller som har planer om å fusjonere.
Manglar ein heilskapleg studieportefølje
Dei sakkunnige meiner Nord universitet og må vurdere mengda av studiestader og korleis arbeidet med studieprogramma er organisert.
– Nord universitet har ein omfattande studieportefølje, truleg med ein god del overlapping. For nokre av fagområda, på fakultetsnivåa og på studiestadene, er det kritisk lave tal for akademisk kompetanse. Universitetet opplyser at dei har som mål at porteføljen som blir kunngjord for 2017 skal gi uttrykk for eit samordna universitet. Vi ser fram til resultata av dette arbeidet, seier Mørland.
Må byggje ein felles universitetsidentitet og -kultur
Ein fusjon er meir enn berre å samordne studiestadene ved dei to høgskulane og universitetet som no utgjer Nord universitet. For å auke kompetansen til universitetsnivå må det leggjast vekt på å byggje ein felles universitetsidentitet og -kultur.
Dei sakkunnige tilrår Nord universitet å vektleggje fagleg styrkje, utvikling og konsolidering
- av studiestader og studieportefølje
- av fagmiljø og FOU-produksjon
- for å oppnå ei heilskapleg kulturutvikling for universitetet
Innledende tilsyn med Nord universitet (05.12.2016)