Tilfredsstillande kvalitetsarbeid på to av fire høgskular

Denne våren har NOKUT ført tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Politihøgskolen, Forsvarets høgskole og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning. NLA Høgskolen har retta opp manglar i sitt systematiske kvalitetsarbeid.

Logoer: Politihøgskolen, Forsvarets høgskole, NLA Høgskolen og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning
Logoer: Politihøgskolen, Forsvarets høgskole, NLA Høgskolen og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning

Det systematiske kvalitetsarbeidet ved Politihøgskolen (PHS) og NLA Høgskolen (NLA) er tilfredsstillande. Det har styret i NOKUT vedtatt i dag, i tråd med rapportane frå dei sakkunnige komiteane. Forsvarets høgskole (FHS) må rette opp ein einskild mangel, og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning (DMMH) må rette opp vesentlege manglar i kvalitetsarbeidet, i tråd med innstillingane frå dei sakkunnige komiteane.

Manglar ved DMMH og FHS

Den sakkunnige komiteen som har vurdert kvalitetsarbeidet ved PHS, konkluderer med at høgskulen oppfyller alle dei gjeldande krava i universitets- og høyskoleloven, Kunnskapsdepartementet si studiekvalitetsforskrift og NOKUT si studietilsynsforskrift.

I si vurdering av FHS konkluderer den sakkunnige komiteen med at eitt av dei ni krava til det systematiske kvalitetsarbeidet ikkje er oppfylt. Høgskulen oppfyller ikkje kravet i studietilsynsforskrifta § 4-1 (5). FHS bruker kvalitetsarbeidet til å utvikle kvaliteten på studietilboda sine og avdekker også feil, men dei sakkunnige har sett eksempel på at sviktande kvalitet ikkje har blitt retta opp innan rimeleg tid, og det har gått ut over studentane.

Den sakkunnige komiteen som har vurdert det systematiske kvalitetsarbeidet ved DMMH, konkluderer med at åtte av ni krav ikkje er oppfylte. Det gjeld blant anna kravet til eit tilfredsstillande kvalitetssystem som skal sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanninga. Komiteen meiner at høgskulen sitt kvalitetssystem ikkje er oppdatert og tilpassa størrelsen og behova til institusjonen, og at skildringar av roller, ansvar og prosessar så vel som rapporteringslinjer er uklare. Vidare meiner komiteen at DMMH manglar rutinar for å kontrollere og sikre kvaliteten i studietilboda sine, og at kvalitetsarbeidet ikkje er tilstrekkeleg forankra verken i strategien eller hos leiarar på alle nivå. DMMH manglar ifølge komiteen også systematisk bruk av kjelder for å hente inn informasjon om studiekvaliteten, og høgskulen brukar ikkje i tilstrekkeleg grad resultat frå kvalitetsarbeid til å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane sine.

Framdriftsplan og moglege konsekvensar

FHS og DMMH vil få ei frist på eitt år til å dokumentere at dei har retta opp i manglane. Ein prosess med vesentlege manglar inneber at komiteen gjennomfører eit heilt nytt tilsyn ved høgskulen. Det betyr at DMMH må sende inn ny dokumentasjon for alle dei ni krava, og at den sakkunnige komiteen gjer ei ny vurdering av krava og gjennomfører eit nytt institusjonsbesøk. Ved FHS vil komiteen vurdere ny dokumentasjon på oppretting av det eine kravet som vart underkjent.

– Både FHS og DMMH må gjennom ny behandling i NOKUT sitt styre. Dersom DMMH ikkje klarer å rette opp manglane innan tidsfrista, vil høgskulen miste retten til sjølv å akkreditere nye studietilbod. I så fall må institusjonen søke NOKUT om godkjenning av alle nye studietilbod. Det vil ikkje gå ut over utdanningane høgskulen alt tilbyr og har akkreditering for, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

NLA har retta opp manglar, og kvalitetsarbeidet er tilfredsstillande

Då NOKUT førte tilsyn ved NLA i 2019, var konklusjonen at høgskulen hadde enkelte manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet. NLA har fått tid til å rette opp i manglane, og ein sakkunnig komite har vurdert dokumentasjonen på oppretting frå høgskulen.

– No er alle krava i lova og forskriftene oppfylte, og det systematiske kvalitetsarbeidet tilfredsstillande, avsluttar Vinje.

Tilsynsprosessen

Norske høgskular og universitet har sjølve ansvar for kvaliteten i studietilboda sine. NOKUT fører periodiske tilsyn med det systematiske arbeidet institusjonane gjer for å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanninga, og NOKUT sine sakkunnige komitear gir òg råd til institusjonane om korleis dei kan vidareutvikle kvalitetsarbeidet.

Tilsynsrapportar med vedtak

Del med andre