Stort fleirtal av studentane er fornøgde med utdanningskvaliteten
Årets Studiebarometer for høgare utdanning viser at studentane i landet i stor grad er fornøgde med kvaliteten i utdanningsprogrammet sitt. Undersøkinga viser også at det er stor variasjon i bruken av kunstig intelligens hjå studentane.
Resultata frå Studiebarometeret for høgare utdanning er klart. I undersøkinga kjem det fram at det store fleirtalet av studentane i landet er fornøgde med studieprogrammet sitt. Sjølv om det er store variasjonar, gjeld dette på tvers av nær sagt alle utdanningar. Delen som ikkje er fornøgd, er no på berre åtte prosent og er med det på sitt lågaste sidan før pandemien.
– Studiebarometeret gjer oss viktig innsikt i korleis studentar i heile Noreg opplev kvaliteten på utdanninga si. At tilfredsheita blant studentane generelt aukar er positivt, men det viktigaste med undersøkinga er korleis den kan brukast på den enkelte institusjon og i fagmiljøa til å auke kvaliteten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Studiebarometeret er den største nasjonale studentundersøkinga i landet.
Resultata frå undersøkinga i fjor viste det lågaste resultatet på overordna tilfredsheit blant studentane, men desse tala er no tilbake normalen.
– Når vi ser det store biletet, viser denne undersøkinga at norske studentar er fornøgde med den utdanninga dei får. Vi er no tilbake der vi var før pandemien, men det mest interessante er å sjå resultata på studieprogramnivå. Der kjem det fram store variasjonar, og desse dataa er verdifulle for institusjonane sitt arbeid med utvikling av utdanningskvaliteten. Det er der dei konkrete tilbakemeldingane frå studentane ligg, og eg oppmodar institusjonane og studieprogramma til å dykke ned i desse resultata, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Det er studentane innanfor religionsfagene som er mest fornøgde med studieprogramma dei går på. Studentane på sosialantropologi, filosofi og vernepleie er dei som har størst positiv framgang i den overordna tilfredsheita samanlikna med i fjor.
Over halvparten av studentane bruker kunstig intelligens
I årets undersøking er det for første gong tatt med spørsmål om studentane sin bruk av kunstig intelligens (KI).
Av dei 29.000 studentane som svarte på undersøkinga, seier seks av ti at dei har brukt kunstig intelligens i studiane sine. Bruken varierer stort mellom ulike fagfelt og utdanningstypar, men fleirtalet oppgjer at dei bruker kunstig intelligens til å forklara teoriar, konsept, fagtermar, og liknande. Ein del bruker også kunstig intelligens som “diskusjonspartnar” når dei studerer.
At studentane tar i bruk ny teknologi, overraskar ikkje NOKUT-direktøren.
– Kunstig intelligens blir brukt på mange måtar og i ulike samanhengar, og det er veldig spennande å sjå kva betydning kunstig intelligens får for utdanningskvaliteten framover. Tenester som ChatGPT og liknande har revolusjonert måten vi alle har tilgang til informasjon på, og eg er ikkje overraska over at studentane tar i bruk dette. Så må vi vere klar over alle utfordringane som følgjer med desse tenestene og ikkje minst følgje med på den rivande utviklinga som skjer på dette feltet, seier Vinje.
Det er studentane ved naturvitskaplege/tekniske fag og økonomiske-administrative fag som bruker kunstig intelligens mest. I den andre enden av skalaen finn vi helse-, sosial og idrettsfag og humanistiske og estetiske fag, der berre kvar femte student oppgjer at dei bruker kunstig intelligens.
Studentane opplever arbeidslivet tettare på under utdanninga
Samanlikna med sist undersøking så er det ikkje negativ utvikling i nokre av temaa studentane blir spurde om, og på fleire område er det forbetringar.
Eit av desse områda dreier seg om korleis studentane opplever tilknytinga til arbeidslivet under utdanninga. No seier fleire studentar at dei har kontakt med arbeidslivet undervegs i utdanninga, anten i form av gjesteforelesingar, oppgåver eller informasjon om yrkesmogelegheiter.
– Det er positivt å registrere at fleire studentar seier at dei igjennom studiane er i kontakt med arbeidslivet. Dette er eit område det har vore mykje merksemd om dei siste åra og som mange utdanningar har jobba mykje med å forbetra. Årets resultat viser at arbeidet ber frukter, seier Vinje
I årets resultat ser vi fleire døme på korleis målretta arbeid med tilbakemeldingane frå studentane betaler seg. Ved dei samfunnsvitskaplege fakulteta ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo har dei gjort fleire tiltak for å kople utdanningane tettare til arbeidslivet. Det gjeld mellom anna bidrag frå arbeidslivet inn i undervisninga og at studentane har mogelegheit til å jobbe med oppgåver i samarbeid med arbeidslivet. Tilknytinga til arbeidslivet er eit område studentane deira tidlegare har gitt relativ låg skåre, der det denne gongen er ei stor forbetring.