Sikrar kvalitet for å skape tillit

NOKUTs årsrapport er oversendt Kunnskapsdepartementet. Der oppsummerer vi 2024 som eit år der NOKUT vidareutvikla arbeidsmetodane sine, samtidig som vi leverte på dei måla som var sett.

I ei uroleg og uforutsigbar verd er det viktig at samfunnet kan ha tillit til at fagskulane, høgskulane og universiteta held høg kvalitet. NOKUTs jobb er nettopp å sikre at utdanningstilboda ved landets universitet, høgskular og fagskular held den kvaliteten som samfunnet forventar og treng, uansett kvar og korleis dei blir tilbydde. Dette gjer vi gjennom tilsyn, akkrediteringar, evalueringar og utvikling av regelverket. Vi sikrar kvalitet for å skape tillit.

– Vi har gjort jobben vår på ein måte som bidrar til å sikre og utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg har vi halde samfunnet informert og oppdatert om korleis det står til med utdanningskvaliteten i Noreg, seier NOKUTs administrerande direktør Kristin Vinje.

Gode effektar av arbeidet vårt

Dei siste åra har søknadsmengda inn til NOKUT auka betrakteleg. Dette har gitt utfordringar med lange saksbehandlingstider på akkrediteringssøknader. NOKUT prioriterte i 2024 å ferdigbehandle fleire søknader om fagområdeakkreditering for fagskulane.

– Denne prioriteringa har ført til at fleire fagskular har fått utvida fullmakter, noko som er viktig for utviklinga av fagskulesektoren, seier Vinje.

Ved utgangen av 2024 er det framleis mange søknader som ventar på behandling, spesielt søknader om akkreditering av fagskuleutdanningar. Auka midlar i statsbudsjettet for 2025 vil bidra til å redusere saksbehandlingstida for desse søknadene.

I løpet av året fullførte NOKUT den tredje runden med periodisk tilsyn av høgare utdanning av høgskular utan institusjonsakkreditering. Fleire institusjonar har fått påvist manglar i kvalitetsarbeidet som må rettast opp innan eitt år. Samtidig har det blitt førebudd ein fjerde runde med tilsyn som startar i januar 2025, med større vekt på utvikling og tilpassing til institusjonanes eigenart.

Vi fullførte evalueringa av grunnskulelærarutdanningane, der resultata også gav verdifulle innspel til Kunnskapsdepartementet i deira arbeid med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane. Sluttrapporten fekk mykje merksemd, og den blei godt mottatt av fagmiljøa. I tillegg blei det gjennomført eit oppfølgingsseminar med lektorutdanningane, to år etter at evalueringa blei avslutta i 2022. Her kom det fram at alle institusjonane har tatt grep for å styrke utdanningane som følgje av evalueringa.

Ventar auka søknadsmengde

Hausten 2024 blei Høgskolen i Innlandet akkreditert som universitet. Dei nye krava til å bli universitet gjer at fleire høgskular framover vil søke om å bli universitet. Nytt i 2024 var også at det blir opna for at fagskulane kan søke om å bli institusjonsakkreditert og dermed få fleire fullmakter. Innføring av ordninga vil først skje etter at vilkåra for institusjonsakkreditering kjem på plass, noko som vil skje i løpet av 2025. Vi reknar med at ein del av dei store fagskulane vil søke om dette. Begge desse akkrediteringssøknadene er store prosessar og vil ta ein stor del av saksbehandlingskapasiteten vår.

Farvel til Studiebarometeret

Sidan 2013 har NOKUT, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, gjennomført Studiebarometeret. For utdanningsinstitusjonane har Studiebarometeret blitt ein årleg tradisjon som gir nyttig informasjon om studentanes oppfatning av kvaliteten på eigne studieprogram. I tillegg har studentane fått ei kraftfull stemme i kvalitetsarbeidet og på den måten kunna bidra til å påverke eiga utdanning. Kunnskapsdepartementet avgjorde å flytte ansvaret for Studiebarometeret til HK-dir frå januar 2025. Vi vil framleis samarbeide tett med HK-dir for å bruke dataa frå undersøkingane i kvalitetsarbeidet vårt.

Europeisk samarbeid

Som kvalitetssikringsorgan er det viktig at vi både deler erfaringar med og hentar inspirasjon frå kvalitetssikringsorgan frå andre land. Det er viktig for oss å delta aktivt i ulike europeiske og internasjonale fora for kvalitetssikring, slik som den europeiske organisasjonen for kvalitetssikringsorgan, ENQA. Både NOKUT og norske høgskular og universitet må følge dei europeiske standardane for kvalitetssikring av høgare utdanning, som også ligg til grunn for det norske lovverket. Standardane er no i ferd med å bli revidert, derfor er det nyttig for både oss og utdanningsinstitusjonane å vere påkobla dette arbeidet.

Prioriteringer framover

I 2024 har det blitt gjort store grep for å digitalisere arbeidsprosessar i NOKUT. Vi har dei siste åra i aukande grad tatt i bruk kunstig intelligens (KI) i ulike delar av arbeidet vårt. Dette er noko NOKUT vil jobbe vidare med framover, blant anna ved å undersøke korleis kunstig intelligens kan tilføre meirverdi i fleire av prosessane.

Med flyttinga av Studiebarometeret til HK-dir vil det bli frigjort kapasitet til å styrke arbeidet med utdanningsevalueringar. Det er ei målsetting at NOKUTs evalueringar på sikt skal omfatte breidda i norsk høgare utdanning, samtidig som arbeidet vårt skal vere i tråd med det nasjonale rammeverket for evaluering av kvalitet i forsking og høgare utdanning, og standardane i dei felles europeiske retningslinjene.

Les NOKUTs årsrapport for 2024

Nøkkeltal for NOKUTs verksemd i 2024

21 gjennomførte tilsyn, 28 vedtak om akkrediteringar av norske utdanningstilbod, 157 sendringar av utdanningstilbod ved norske fagskular, 18 fagpolitiske innspel

 

Del med andre