Rekordmange tilsynssaker behandla
På det siste styremøte i NOKUT i 2024 blei det behandla åtte saker om tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid. Nokon av høgskulane fekk godkjent kvalitetsarbeidet sitt, medan andre har litt eller mykje å retta opp.
Sidan 2003 har NOKUT gjennomført periodiske oppfølgingar av kvalitetsarbeidet ved alle høgskulane og universiteta i Noreg. NOKUTs styre fattar vedtak i desse sakene, og aldri før har det blitt fatta fleire vedtak på eit møte enn på årets siste styremøte.
Av dei i alt åtte sakene var det fem ordinære tilsyn og tre saker der høgskulane tidlegare hadde fått pålegg om å rette opp manglar i kvalitetsarbeidet.
Dei fem ordinære tilsyna er gjennomførte ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS, Høyskolen for dansekunst, Høgskulen for grøn utvikling, Høyskolen for yrkesfag AS og Steinerhøyskolen.
Opprettingane gjeld Forsvarets høgskole, Atlantis Medisinske Høgskole og Noroff University College.
At resultatet er fire positive og fire negative vedtak, er ikkje så overraskande, fortel NOKUT-direktør Kristin Vinje.
– Når dei periodiske oppfølgingane våre avdekkjer heile spekteret, frå framifrå kvalitetsarbeid til kvalitetsarbeid der institusjonane har utfordringar med å tilfredsstille krava i loven og forskriftene, viser det at den periodiske oppfølginga fungerer etter hensikta, seier Vinje. Ho understrekar at alle institusjonane er underlagde det same regelverket, og NOKUT si rolle er å forsikre seg om at utdanninga som blir tilboden, tilfredsstiller krava til kvalitet, slik at samfunnet kan ha tillit til norsk høgare utdanning.
– Når det er sagt, har institusjonane stor fridom til å tilpasse kvalitetsarbeidet til storleik og eigenart, så lenge dei tilfredsstiller krava i lov og forskrift, seier Vinje.
NOKUTs tilsyn i perioden 2017–2024 har vore organisert slik at institusjonar med relativt like føresetnader gjennomgår tilsynet samtidig, med eit ønske om samarbeid og erfaringsdeling på tvers av institusjonane. I 2025 startar ein ny runde med periodisk oppfølging, som alle høgskular og universitet i Noreg skal gjennom innan 2033. I denne runden vil kvalitetsutvikling vera ein enda meir sentral del av oppfølginga.
KRUS har kontroll
Ein av institusjonane som har fått godkjent kvalitetsarbeidet sitt på første forsøk, er Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS. KRUS fekk skryt av den sakkunnige komiteen for eit godt metodisk og utviklingsorientert arbeid.
– KRUS har vist at ein kan setje seg høge og realistiske mål for kvalitetsarbeidet, utan at systemet i seg sjølv blir for omfattande og arbeidet for tidkrevjande, seier Vinje.
Under følgjer ei oversikt over alle tilsyna, med fakta om institusjonane og nokre vurderingar frå dei sakkunnige komiteane.