Ny rapport: Kva veit vi om bruken av læringsutbyteskildringar?
NOKUT jobbar mykje med læringsutbyteskildringar i utdanningane. No kjem ny rapport som oppsummerer kunnskapen på området.
Læringsutbyteskildringar er viktig for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, ikkje berre fordi det er sentralt i regelverket, men mest av alt fordi det er eit viktig verktøy for å utvikle og gjennomføre utdanningane. No er det ein ny rapport ute som oppsummerer kunnskapen vi har om korleis læringsutbyteskildringar fungerer i utdanningar.
NOKUT har gjeve NIFU i oppdrag å gjennomføre ei kunnskapsoppsummering av forsking og liknande kunnskap om bruken av læringsutbyteskildringar i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
– NOKUT jobbar gjennomgåande kunnskapsbasert, og vi er avhengig av å heile tida ha føre oss det beste og nyaste innan forskinga. Denne rapporten frå NIFU er eit viktig tilskot til arbeidet med læringsutbyteskildringar, og vi håpar det kan vere verdifullt for sektoren, seier Caroline Natland, leiar for seksjon for studieprogram i NOKUT.
Rapporten som er tilgjengeleg i dag gjengjev forsking som viser at læringsutbyteskildringar blir brukt som pedagogisk verktøy, men i all hovudsak i arbeidet med å utvikle utdanningar og jobbe med samsvar mellom dei ulike elementa i utdanninga. Forfattarane finn derimot lite grunnlag i forskinga for at det er utstrekt bruk av læringsutbyteskildringar i sjølve undervisningssituasjonen.
Eit anna viktig moment som dette arbeidet har avdekt, er at det er store kunnskapshol når det gjeld bruken av, og eventuelle effektar av, læringsutbyteskildringar i høgare yrkesfagleg utdanning. Her er det gjort lite til inga empirisk forsking.
Denne rapporten inngår i eit EU-finansiert prosjekt NOKUT starta i 2021. Målet med prosjektet er å saman med sektoren få til betre erfaringsdeling og å utvikle rettleiingsmateriell for bruken av læringsutbyteskildringar. Seksjonsleiar Natland har ansvar for seksjonen kor prosjektet har sin heim. Der driv ein allereie med mykje rettleiing rundt læringsutbyteskildringar.
– Målet med prosjektet er at utdanningsinstitusjonane ikkje berre skal tilfredsstille regelverket, men først og fremst få eit auka eigarskap til læringsutbyteskildringane. Mange tykkjer dette er vanskeleg, men vi veit at det også er gevinstar i å få dette til bra, seier Natland.
NOKUT har allereie gjennomført arbeidsseminar med fleire aktørar frå høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning om deira bruk av læringsutbyteskildringar. Prosjektet skal stå ferdig ved utgangen av 2023.