Ny fagområdeakkreditering til AOF Fagskolen
Fagskulen får akkreditering for fagområdet økonomi og administrasjon og har dermed to fagområder dei sjølve kan opprette utdanningar i.
AOF Fagskolen er ein del av AOF Vestlandet-Agder og har sidan 2016 hatt akkreditering for fagområdet helse og oppvekst. Dei blir no den fjerde fagskulen i Noreg som sjølv kan oppretta nye utdanningar innan fleire fagområde.
– Akkreditering for eit fagområde gir fagskulen et større handlingsrom og skal bidra til at fagskulane raskare kan omstille seg og tilby relevante utdanningstilbod ved å møte nye behov i arbeidsmarknaden. Innstillinga frå den sakkunnige komiteen vitnar om at AOF Fagskolen er godt rusta til å møte kompetansebehovet innan fagområdet økonomi og administrasjon, og at dei kan tilby gode og relevante utdanningar framover, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Tilstrekkeleg fagleg bredde
I innstillinga frå den sakkunnige komiteen kjem det fram at dei utdanningane fagskulen tilbyr og har planar om å tilby i framtida, speglar den regionale arbeidsmarknaden dei tre fylka dekker. Dei sakkunnige meiner at fagområdet har tilstrekkeleg fagleg bredde til å inkludere fleire utdanningar, og at fagskulen har gode økonomiske føresetnader for å gjennomføre dei strategiske måla den har skissert. Fagmiljøet som er knytt til fagområdet, har utdanning og yrkeserfaring som dekker dei viktigaste delane av fagområdet. Fagmiljøet er òg stort nok og har kompetanse til å vurdere kva for kompetanse fagskulen treng for å tilby framtidige utdanningar. Dei tilsette deltar i relevante samarbeid og nettverk. Den sakkunnige komiteen ser at AOF Fagskolen kan vise til ei rekke avtalar med eksterne samarbeidspartnarar med relevans for fagområdet. Fagskulen har òg vist at den samarbeider med representantar frå bedriftene i regionen om å utvikle nye studietilbod.
I fråsegna til den sakkunnige innstillinga skriv fagskulen at den er tilfreds med og kjenner seg igjen i komiteens vurderingar.
AOF Fagskolen er den andre norske fagskulen som får akkreditering for fagområdet økonomi og administrasjon. Frå før har Fagskolen Kristiania akkreditering for det same fagområdet. Fagskulen tilbyr utdanningar innan helse, oppvekst, leiing, økonomi og merkantile fag og har utdanningsstader i Rogaland, Vestland og Agder. I 2021 hadde fagskulen om lag 1 200 fagskolestudentar og 333 tilsette.