NOKUT godkjenner universitetssøknaden til Høgskolen i Innlandet
Torsdag 12. september godkjende NOKUTs styre søknaden om akkreditering som universitet frå Høgskolen i Innlandet (HINN). No er det opp til Kongen i statsråd å fatte endeleg vedtak om status som universitet og om HINN dermed skal bli Noregs ellevte universitet.
– Eg vil gratulere alle studentar og tilsette ved Høgskolen i Innlandet på denne historiske dagen. Gjennom denne prosessen har dei vist at høgskulen har den kvaliteten som skal til for å kunne bli universitet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
HINN leverte søknaden om akkreditering som universitet til NOKUT i desember 2022. Søknaden har blitt vurdert av ein sakkunnig komité beståande av fagfellar med relevant nasjonal og internasjonal erfaring. Komiteen har sett på om høgskulen oppfyller krav til mellom anna utdanning, forsking og formidling som blir stilt til universitet, fastsett i lov og forskrifter.
Komitéen leverte rapporten sin i juni 2024, der han konkluderte med at alle krav til universitetsakkreditering er oppfylt.
– Ein universitetsakkreditering er eit kvalitetsstempel og har ingen utløpsdato, så krava som blir stilte til forsking, utdanning og formidling er høge. HINN har jobba målretta over mange år for å nå krava, og resultatet ser vi i vurderingane og tilbakemeldingane frå den sakkunnige komitéen, seier Vinje.
Dagens vedtak blir naturleg nok godt motteke av HINN-rektor Peer Jacob Svenkerud.
– Vi er utruleg stolte over den heideren vi får. Med universitetsstatus innfrir vi vårt viktigaste strategiske mål, og vi er klare til å vise oss statusen verdig, seier Svenkerud.
Med akkreditering som universitet får HINN myndigheit til sjølve å opprette nye studietilbod på alle nivå.
Formelt sett er det Kongen i statsråd som gir universitetsstatusen, etter søknad til Kunnskapsdepartementet.
Fekk avslag i 2020
Første gongen HINN leverte ein søknad om akkreditering som universitet var i 2018. Etter vurdering av sakkunnig komité blei denne søknaden avslått i 2020, med grunngiving i at høgskulen den gongen verken hadde tilstrekkeleg tal på tilsette med høg fagleg kompetanse, dei uteksaminerte for få ph.d.-kandidatar og dei oppfylte heller ikkje kravet om stabil utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet.
Les også: NOKUT har avslått Høgskolen i Innlandets universitetssøknad
Alle desse krava er no vurderte som godkjent. I vurderingane sine trekkjer den sakkunnige komitéen særleg fram korleis HINN har styrkt forskingsverksemda og vidareutvikla doktorgradsområda sidan avslaget i 2020.
HINN fremstår i dag med en god balanse mellom de to virksomhetsområdene utdanning og FoU, noe komiteen framholder som helt nødvendig for å kunne forvalte de faglige fullmaktene som tilligger et universitet. Høyskolens organiserings- og ledeselsstruktur er, slik komiteen vurderer det, også blitt styrket og tilpasset virksomheten, og støtter godt opp om denne. HINN har med dette utviklet organisasjonen på en slik måte at den er enda bedre tilpasset virksomheten ved et universitet.
NOKUTs styreleiar Lise Iversen Kulbrandstad er professor ved HINN og derfor inhabil i behandlinga av denne søknaden. Styremedlem Øystein Eriksen Søreide er saksordførar.
Les akkrediteringsrapporten (pdf)
Om Høgskolen i Innlandet
Høgskulen er ein statleg høgskule som blei etablert 1. januar 2017 ved ein fusjon mellom dåverande Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer, men byggjer på ei lang historie med høgare utdanning og forsking i ulike institusjonar i Hedmark og Oppland. I 2023 hadde høgskulen om lag 15 000 studentar og cirka 1 300 årsverk, 814 faglege årsverk (inkludert stipendiatar).
HINN er ein fleircampusinstitusjon og har studiestadar på Lillehammer, Hamar, Elverum, Rena, Evenstad og Blæstad. I tillegg har høgskulen desentraliserte studiestadar i Kongsvinger, på Tynset og i Oslo.
Den faglege verksemda til høgskulen er organisert i fem fakultet (Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Handelshøgskolen Innlandet – Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap, Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi og Fakultet for film, tv og spill. Fakulteta er organiserte med underliggjande institutt, og den faglege verksemda er organisert på tvers av dei ulike studiestadane.
HINN har lagt følgjande fire ph.d.-program til grunn for søknaden sin: anvendt økologi og bioteknologi (AØB), profesjonsrettede lærerutdanningsfag (PROFF), innovasjon i tjenesteyting – offentlig og privat sektor (INTOP) og barn og unges deltakelse og kompetanseutvikling (BUK). Ph.d. i helse og velferd (HELVEL) starta opp hausten 2022 og skal på sikt erstatte BUK. I tillegg tilbyr HINN ein ph.d. i kunstnerisk utviklingsarbeid i film og beslektede audiovisuelle kunstformer.