NOKUT godkjenner akkrediteringssøknad frå Høyskolen for ledelse og teologi
Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) kan no søkje Kunnskapsdepartementet om endring av status til akkreditert høgskule. Med forandra status får høgskulen fullmakt til å sjølve akkreditera nye studietilbod på bachelorgradsnivå utan å måtte søkje NOKUT.
Dagens styrevedtak i NOKUT kjem etter ein grundig prosess, der ein sakkunnig komité har vurdert mellom anna om høgskulen har ei organisering og ein infrastruktur som er tilpassa ein akkreditert høgskule, og om den har ein fagleg kompetanse som er tilstrekkeleg til å bere dei fullmaktene ein institusjonsakkreditering gir.
NOKUT-direktør Kristin Vinje gratulerer høgskulen.
– HLT er godt førebudd til å ta på seg selvakkrediteringsfullmaktene dei no får. Igjennom denne prosessen har høgskulen vist at dei oppfyller alle nødvendige krav og at dei har gode rutinar for å kvalitetssikre og vidareutvikla studietilboda sine, seier Vinje.
Utvida faglege fullmakter inneber at det er institusjonane sjølv som gjennomfører dei nødvendige prosessane for å forsikre seg om at studietilboda dei vil opprette, tilfredsstiller nasjonale kvalitetskrav fastsett av Kunnskapsdepartementet og NOKUT. Når institusjonane oppnår ein akkreditering som gir dei større selvakkrediteringsfullmakter, er det basert på at dei igjennom ein akkrediteringsprosess har vist at dei kan givast denne tilliten.
Les akkrediteringsrapporten her (pdf)