NOKUT akkrediterer profesjonsstudium i psykologi ved UiS
NOKUT har fatta vedtak om akkreditering av profesjonsstudium i psykologi ved Universitetet i Stavanger (UiS). Dermed kan universitetet søkje Kunnskapsdepartementet om å etablera studietilbodet.
– Eg vil gratulere Universitetet i Stavanger. Dei har vist at dei oppfyller alle nødvendige krav for å kunne tilby profesjonsutdanning i psykologi, seier NOKUTs tilsynsdirektør Nina Waaler.
Søknadane om akkreditering har blitt vurdert av ein fagleg komité beståande av personar med relevant bakgrunn og erfaring innan same fagområde. Komiteen har vurdert om alle krava for akkreditering er oppfylt. NOKUT har deretter akkreditert profesjonsstudiet basert på tilråding frå dei sakkunnige. Komiteen har også gitt UiS råd om korleis dei kan vidareutvikla studietilbodet.
– Før universitetet kan starte opp studietilbodet, må dei søkje Kunnskapsdepartementet om endeleg godkjenning, avsluttar Waaler.
Les akkrediteringsrapporten (pdf)